Hopp til innhald

Baklava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baklava frå Ankara i Tyrkia.

Baklava er ei fyldig, søt dessertkake som består av lag av filodeig fylt med nøtteblanding og trekt i sirup eller honning. Baklava er ei typisk bakevare frå det tidlegare osmanske riket og er utbreidd i både sentral- og sørvestasiatisk mat.

Baklava finst i mange ulike utformingar. Den første trykte tyrkiske kokeboka, Melceü't-Tabbahin (1844), har fem ulike oppskrifter: Vanleg baklava, baklava med tjukna krem, pynta baklava med kaymak (fermentert, tjukk fløyte), baklava med melon og ris-baklava.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Baklava