Hopp til innhald

August Herman Francke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
August Herman Francke

Statsborgarskap Lübeck
Fødd 22. mars 1663
Lübeck
Død

8. juni 1727 (64 år)
Halle (Saale)

Yrke teolog, pedagog, universitetslærar
Språk latin, tysk
Medlem av Det prøyssiske vitskapsakademiet
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Johannes Francke
Ektefelle Anna Magdalena Francke
Nettstad http://www.francke-halle.de/startseite.html
August Herman Francke på Commons

August Hermann Francke (22. mars 16638. juni 1727) var ein tysk pietistisk teolog og pedagog, fødd i Lübeck og død i Halle. Francke stog i leiinga for det teologiske faktultetet i Halle, og han bygde opp ei rekkje sosiale og pedagogiske institusjonar, og slik vart han den som sette Philipp Jacob Speners pietistiske idear ut i livet.

Universitetsutdanning

[endre | endre wikiteksten]

Francke studerte ved universiteta i Erfurt, Kiel og Leipzig. I 1686 grunnla han eit Collegium philobiblicum i Leipzig for filologisk og praktisk tolking av Bibelen.

I 1687 omvenda han seg etter eiga utsegn til ein «levande kristendom». Frå 1690-91 var han diakon ved Augustinkyrkja i Erfurt. Preikene hans fekk stor merksemd, ikkje på grunn av dogmatikken, men på grunn av vekkinga han forkynte. Mange, både protestantar og katolikkar, vart inspirerte til å gå over til pietismen, og dette førte til at katolske fyrstebiskopen av Mainz utviste han frå byen.

I 1692 vart Francke professor i semittiske språk ved universitetet i Halle og pastor i Glaucha, ein forstad til Halle. 1698 vart han professor i teologi ved same universitetet. Gjennem verksemda som prest og akademisk lærar vart han ved sida av Philipp Jacob Spener ein av grunnleggarane av pietismen.

Dei franckeske stiftelsar i Halle

[endre | endre wikiteksten]

I 1695 etablerede Francke ein fri- og fattigskole og eit par andre skolar og i 1697 ein latinskole, Die Franckeschen Stiftungen zu Halle. Til fattigskolen la han ein heim for foreldrelause barn. Her vart plassen snart for liten, og 24. juli 1698 la han grunnsteinen til Waisenhuset i Halle. Arbeidet vart finasiert ved frivillige bidrag.

I 1705 etablerte Francke eit misjonsinstitutt.

Som pedagog la Francke vekt på at barna fekk ei moralsk oppseding, og at kvart barn burde bli behandla etter sin individualitet. Han la vekt på realfaga og på lærarutdanninga.

Ei innvending mot det pedagogiske systemet hans var at det var einsidig religiøst innretta, ei slagside som vart sterkare etter at Francke sjølv døydde.

Bibliografi i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 1702 - Offentliches zeugniss vom werk, wort und dienst Gottes, (indeheld alle skriftene utgjevne før 1702, unntatt dei polemiske)
  • 1702-09 - Segensvolle fussstapfen des noch lebenden und waltenden liebreichen und getreuen Gottes etc. (ei utgreiing om utviklinga av skriftene hans)
  • 1704 - August Hermann Franckes Schrift über eine Reform des Erziehungs- und Bildungswesens als Ausgangspunkt einer geistlichen und sozialen Neuordnung der Evangelischen Kirche des 18. Jahrhunderts: der Grosse Aufsatz. Mit einer quellenkundlichen Einführung. Hrsg. v. Otto Podczeck. Berlin. Akademie 1962.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Heimeside Arkivert 2005-04-04 ved Wayback Machine. for Dei franckeske stiftingar
  • Reinhard Breymayer: Zum Schicksal der Privatbibliothek August Hermann Franckes. Über den wiedergefundenen Auktionskatalog der Privatbibliothek seines Sohnes Gotthilf August Francke. 3., verbesserte Auflage. Tübingen: Noûs-Verlag Thomas Leon Heck 2002. – 32 S. – ISBN 3-924249-42-3.