Hopp til innhald

Halle an der Saale

Koordinatar: 51°28′0″N 11°58′0″E / 51.46667°N 11.96667°E / 51.46667; 11.96667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halle
Markedsplassen med Det raude tårnet
Markedsplassen med Det raude tårnet
Markedsplassen med Det raude tårnet
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Halle an der Saale
Halle an der Saale is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen-Anhalt
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

135,01 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

233 415
  1 729/km²
Koordinatar 51°28′0″N 11°58′0″E / 51.46667°N 11.96667°E / 51.46667; 11.96667
Høgd over havet 87 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 06108-06132
Telefon-retningsnummer 0345
Bilnummer HAL
Heimeside: www.halle.de

Halle an der Saale, òg kalla Halle, er ein by i Tyskland i delstaten Sachsen-Anhalt. Med om lag 235 000 innbyggjarar er han den største byen i denne delstaten. Byen ligg sør i delstaten ved elva Saale, som tar imot vatn frå dei omliggande slettene og frå ein stor del av nabodelstaten Thüringen, nord for Thüringer Wald.

Den tidlege historia til Halle er knytt til saltinnhausting. Namnet Halle kan kome frå det urgermanske ordet for salt, og namnet på elva Saale har same opphav. Saltinnhausting har funne stad i Halle sidan bronsealderen.

Byen vart først nemnd i 806. Han vart ein del fyrstedømet Magdeburg på 900-talet og fram til 1680, då Brandenburg annekterte byen i lag med Magdeburg.

Etter den andre verdskrigen var Halle hovudstad i den kortvarige regionen Sachsen-Anhalt (fram til 1952), før den austtyske regjeringa fjerna ordninga med delstatar. Som ein del av Aust-Tyskland (fram til 1990) fungerte byen som hovudstad i det administrative distriktet (Bezirk) Halle. Då Sachsen-Anhalt vart oppretta som eit Bundesland etter 1990 vart Magdeburg hovudstad.

Kjende personar frå Halle

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Halle an der Saale