Hopp til innhald

Arab al-Aramshe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arab al-Aramshe
עַרַבּ אל-עַרָמִשָׁה, عرب العرامشة, Arab al-Aramisha, Aramisha, Aramsha
landsby
Land  Israel
Region Øvre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 33°5′24.18″N 35°13′43.06″E / 33.0900500°N 35.2286278°E / 33.0900500; 35.2286278
Folketal 1 437  (2011)[1]
Kart
Arab al-Aramshe
33°05′24″N 35°13′43″E / 33.09005°N 35.228627777778°E / 33.09005; 35.228627777778
Kart som viser Arab al-Aramshe.
Kart som viser Arab al-Aramshe.
Kart som viser Arab al-Aramshe.
Wikimedia Commons: Arab al-Aramshe

Arab al-Aramshe (arabisk عرب العرامشة, עַרַבּ אל-עַרָמִשָׁה), offisielt Aramisha (עַרָמִשָׁה, עראמשה), er ein beduinsk landsby i Vest-Galilea i Israel, like sør for den libanesiske grensa, ikkje langt frå middelhavskysten. Landsbyen høyrer til Mateh Asher regionale kommune.

Aramshe, som han vert kalla på folkemunne, vart grunnlagd som ein permanent busetnad for beduinar i området. I 2011 hadde han 1 437 innbyggjarar.[1]

I løpet av åra har innbyggjarane i Aramshe fleire gonger vorte angripne av Katyusha-rakettar frå Sør-Libanon av Hizbollah. Under Libanonkrigen i 2006 mista ei mor og to av døtrene hennar livet då ein rakett fall ned på huset deira den 5. august.[2]

  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israel Central Bureau of Statistics. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 8. mars 2015. 
  2. Einav, Hagai (5. august 2006). «Bedouin Village Suffers Great Disaster». Ynetnews.