Anthony Coughlan
Anthony Coughlan | |||
Alma mater | University of London University College Cork |
---|
Anthony Coughlan er ein økonomiutdanna irsk akademikar, sekretær for den anti EU-føderalistiske organisasjonen National Platform, og pensjonert senior lecturer i sosialpolitikk ved Trinity College i Dublin, TCD. Coughlan er kjend for å vera sosialist og marxist, tilhengjar av irsk samling og oppløysing av det Foreinte Kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Alt frå tidleg på 1960-talet engasjerte han seg mot irsk tilslutnad til EEC, forlauparen til dagens EU. I dag er han tilhengjar av både Brexit (britisk utmelding) og Irexit (irsk utmelding) av EU, og har delteke på arrangement i regi av det nyskipa (2018) The Irish Freedom Party/Éire Amach: Cumann na Saoirse.
Coughlan er kjend som deltakar i irsk medieordskifte, forfattar av bøker og pamflettar og aktivt organisasjonsmenneske.
Utdanning og yngre år
[endre | endre wikiteksten]Coughlan vart fødd i Cork og vart politisk aktiv medan han studerte engelsk, historie og økonomi på University College Cork i 1950-åra. På dette universitetet organiserte han lokallag av Labour Party (Páirtí an Lucht Oibre). Han flytta medkvart til London og vart høgare grads student i sosialpolitikk ved University of London. Under opphaldet i London vart han og med i Connolly Association ein republikansk sosialistisk organisasjon kalla opp etter ein av grunnleggjarane av det irske Labour - James Connolly, som og vart avretta i Dublin på grunn av den leiarrolla han spela i [[påskeopprøret i 1916]. I denne perioden vart han og kjend med den marxistiske og republikanske historikaren C. Desmond Greaves.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Anthony Coughlan har vore ein politisk medviten og politisk aktiv akademikar gjennom heile det vaksne livet sitt.
I 2018 vart det gjeve ut eit festskrift til Anthony Coughlan.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Omtale på forlagets eigne nettsider med oversyn over bidragsytarar i festskriftet. Henta 18. juli 2019.