Kari Henriksen
Kari Henriksen | |||
| |||
Fødd | 10. august 1955 (69 år) Vennesla | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Kari Henriksen (fødd 10. august 1955 i Vennesla) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart 3. desember 2007 utnemnd til statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet i Regjeringa Stoltenberg II,[1] ei stilling ho hadde fram til 3. april 2009. Ho bad då om avskjed for å konsentrere seg om valkampen før stortingsvalet 2009, då ho var førstekandidaten til Arbeidarpartiet frå Vest-Agder.
Henriksen vart vald inn og er frå 2009 medlem av arbeids- og sosialkomiteen og valkomiteen. Ho var vararepresentant på Stortinget i perioden 2005–2009.
Henriksen er psykiatrisk sjukepleiar frå Universitetet i Agder, og har mastergrad i folkehelse med kurs frå Göteborgs Universitet og State University of New Jersey (Rutgers). Yrkeskarrieren hennar fordeler seg på sjukepleiarstillingar ved Eg Sykehus og leiarstillingar ved A-klinikken i Vest-Agder fylkeskommune i åra 1979-2000. Henriksen har også vore trenar i Flekkerøy IL og hatt verv i bedriftsidrettskretsen i Agder.
Kari Henriksen har vore medlem av bystyret i Kristiansand.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Henriksen, Kari og Jorun Buckley: Æ du gal! – oppvekst på Eg Sykehus, Hertervig Forlag, 2002. ISBN 82-92023-08-9.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Jens Stoltenbergs andre regjering». Regjeringa.no. Henta 17. oktober 2017.
- NRK - «Kari Henriksen topper», 25.august 2008.
- «Kari Henriksen». Stortinget.no.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1955
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Vest-Agder
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Statssekretærar frå Ap
- Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II
- Lokalpolitikarar i Kristiansand
- Ap-politikarar i Vest-Agder
- Norske sjukepleiarar
- Folk frå Vennesla
- Folk frå Kristiansand