Songen er omsett fleire gonger til norsk, men det er den danske gjendiktinga av B.S. Ingemann frå 1850 (lett modernisert til bokmål) som er mest brukt.
Erik Hillestad har omsett salmen til både nynorsk og bokmål. Desse tekstane er nærare originalen enn dei eldre omsetjingane, og dei er tekne med i framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja.
Nedanfor finn vi teksten til dei eldre utgåvene av salmen.
Stille natt! Heilage natt! Alle sov, eine att sit dei unge, dei utvalde to, ser på barnet, så lukkeleg no: Sov i himmelsæl ro! Sov i himmelsæl ro!
Stille natt! Heilage natt! Hyrdingar får høyra radt: Frå den himmelske englehær tonar til dei frå fjern og nær: Krist, vår Frelsar, er her! Krist, vår Frelsar er her!
Stille natt! Heilage natt! Jesusbarnet vår dyre skatt! Kjærleik lyser frå bodskapsord til dei lengtande folk på jord. Jesus er gåva vår stor! Jesus er gåva vår stor!
Glade jul, hellige jul! Engler daler ned i skjul. Hit de flyver med paradis grønt, hvor de ser hva for Gud er skjønt. Lønnlig i blant oss de går. Lønnlig i blant oss de går.
Julefryd, evig fryd, hellig sang med himmelsk lyd! Det er engler som hyrdene så, dengang Herren i krybben lå. Evig er englenes sang. Evig er englenes sang.
Fred på jord, fryd på jord, Jesusbarnet i blant oss bor. Engler synger om barnet så smukt, han har himmeriks dør opplukt. Salig er englenes sang. Salig er englenes sang.
Salig fred, himmelsk fred, toner julenatt herned. Engler bringer til store og små bud om ham som i krybben lå. Fryd deg hver sjel han har frelst! Fryd deg hver sjel han har frelst!
Glade jol, heilage jol! Englar kjem frå Guds kongestol. Blomar ber dei til paradis, Fint og fagert dei syng Guds pris. Løynleg ikring oss dei går.
Jolebod, gledeleg bod Tonar til oss med himmelljod, Song av englar som hyrdingar såg Den gong Jesus i krubba låg. Songen av englar er sæl.
Fred på jord, frygd på jord! Jesusbarnet det er vår bror. Englar syng um hans herlegdom. Han hev reidt oss i himmelen rom. Songen av englar er sæl.
Sæle fred, himmelsk fred Jolekvelden til jord kom ned. Englar syng um den fred dei såg, Syng om han som i krubba låg. Gled deg, kvar sjel han hev frelst!