Lisboa
Lisboa | |||
by | |||
|
|||
Offisielt namn: Lisboa | |||
Land | Portugal | ||
---|---|---|---|
Region | Lisboa | ||
Del av | Lisboa hovedstadsområde | ||
Plassering | |||
Lisboa 38°42′29″N 9°08′20″W / 38.708042°N 9.139016°W | |||
Wikimedia Commons: Lisbon | |||
Nettstad: www.cm-lisboa.pt |
Lisboa har vore hovudstad i Portugal sidan 1256. Han er den største byen i landet med sine 506 654 innbyggjarar (2018, 2,8 mill. i storbyområdet).[1] Byen ligg ved nordbreidda av elva Tejo, om lag 15 kilometer frå der ho munnar ut i Atlanterhavet. Lisboa er den vestlegaste hovudstaden på det europeiske fastlandet.[2]
Lisboa er òg sete i regionen Lisboa. Kommunen har om lag 565 000 innbyggjarar fordelt på 84,8 km², medan storbyområdet rundt kommunen totalt har rundt 2,8 millionar innbyggjarar. På grunn av den økonomiske avsettinga, levestandarden og marknaden vert underregionen Grande Lisboa (Stor-Lisboa) rekna som det nest viktigaste finansielle og økonomiske senteret på Den iberiske halvøya.[3] Regionen Lisboa er den mest velståande i Portugal og ligg over gjennomsnittet i EU når det gjeld BNP per innbyggjar. Det er òg det politiske senteret i landet og sete for regjeringa og presidenten av Portugal.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Lisboa ligg vest i Portugal ved estuaret til Tejo.[2] Han er den største hamnebyen i Portugal. Byen er bygd på fleire høgdedrag og i skråningar, og har fleire trappegater. Nokre stader i byen går det taubanar.[1]
Byen dekkjer eit område på 84,8 km². I motsetnad til dei fleste storbyar er grensene rundt byen avgrensa til den historiske delen av byen. Dermed er det fleire andre byar med eige administrasjon rundt Lisboa, som Amadora, Queluz, Cacém, Odivelas, Loures, Sacavém, Almada, Barreiro, Seixal og Oeiras. Alle desse går i eitt med Lisboa, og er alle i røynda del av same storby.
Sentrum i byen er Cidade Baixa ('Den låge byen'), som blei fullstendig rasert av jordskjelv og bygd opp att på 1700-talet. Her ligg den store plassen Praça do Comércio, den offisielle inngangen til Lisboa, omgjeven på tre sider av like bygningar og med ei marmortrapp ned til hamna på den tredje. Fleire av gatene i denne bydelen går parallelt etter eit rutenett.[2]
Skogsparken Monsanto ligg på vestsida av byen og er ein av dei største byparkane i Europa med eit areal på nær 10 km².
Ponte 25 de Abril, ei hengebru på 2278 meter med veg og jernbane, kryssar Tejo og bind gamle Lisboa saman med Almada.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lisboa var under romarane frå 205 f.Kr. og Julius Cæsar gjorde byen til ein kommune kalla Felicitas Julia, som han la til namnet Olissipo. Frå 400-talet vart han styrt av fleire germanske folk og vart erobra av maurarar på 700-talet. I 1147 gjenerobra krossfararane under Afonso Henriques byen for dei kristne og sidan den gong har han vore eit stort politisk, økonomisk og kulturelt senter i Portugal. I motsetnad til dei fleste hovudstader har statusen til Lisboa som hovudstad i Portugal aldri vorte tileigna eller offisielt stadfesta. Posisjonen som hovudstad har utvikla seg gjennom konstitusjonell sedvanerett.
Under dei store portugisiske oppdagingsreisene og koloniseringa vart Lisboa den største hamnebyen i Europa, ein posisjon byen mista under den spanske okkupasjonen i tida mellom 1580 og 1640.
Klokka 09.30 den 1. november 1755 vart byen råka av tre kraftige jordskjelv. Mange menneske var samla til høgmesse i kyrkjene denne dagen og mange vart sperra inne i ruinane. Skjelva utløyste storbrann og ei flodbylgje øydela dei delane av byen som låg nærast Tejo. Minst 13 000 menneske omkom.
Tapet av Brasil på byrjinga av 1800-talet førte med seg meir tilbakegang for landet og for byen. Etter kvart har Lisboa utvikla seg til ein travel storby med handel og turisme.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Sundland, Kjersti (23. august 2023). «Lisboa». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Lisbon | History, Culture, Economy, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 6. august 2023, henta 29. august 2023
- ↑ Konkurrerande byar i global økonomi