Harry S. Truman
Harry S. Truman | |||
| |||
President i USA | |||
Periode | 12. april 1945–20. januar 1953 | ||
---|---|---|---|
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Fødd | 8. mai 1884 i Lamar i staten Missouri | ||
Fødestad | Lamar | ||
Død | 26. desember 1972 i Kansas i Missouri | ||
Dødsstad | Kansas City i Missouri | ||
Mor | Martha Ellen Young Truman | ||
Far | John Anderson Truman | ||
Ektefelle | Bess Truman | ||
Barn | Margaret Truman | ||
Medlem | American Legion frimureri Veterans of Foreign Wars | ||
Føregangar | Franklin D. Roosevelt | ||
Etterfølgjar | Dwight D. Eisenhower |
Harry S. Truman (8. mai 1884–26. desember 1972) var ein amerikansk politikar og president i USA frå 1945 til 1953. Han var den 33. presidenten, og overtok stillinga etter at Franklin D. Roosevelt døydde. Truman vart president mot slutten av den andre verdskrig. Han er den einaste som til no har gjeve ordre om å nytta atombomber i krig. I august 1945 vart byane Hiroshima og Nagasaki i Japan utsletta av atombomber. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki var meint å gjera slutt på krigen. Slik gjekk det òg, men i ettertid er det drøfta om det verkeleg var naudsynt å sleppa bombene.
Etter at krigen var slutt, var det mange oppgåver som skulle løysast. Truman sin administrasjon utarbeidde Marshallplanen for å byggja opp att Europa etter krigen. Tilhøvet til Sovjetunionen var i starten relativt godt, men utvikla seg til starten på den kalde krigen. Truman var med på opprettinga av dei sameinte nasjonane. Slutten av presidenttida var prega av Koreakrigen.
Sigeren i presidentvalet i 1948 mot republikanaren Thomas E. Dewey er rekna som ein av dei mest uventa i amerikansk politisk historie. I ettertid kunne Truman visa fram løpesetlar med overskrifta «Dewey vann». Før røystene vart talde rekna alle med at Dewey kom til å vinna.
Truman tok ikkje attval ved presidentvalet i 1952. Adlai Stevenson var demokratane sin kandidat. Republikanaren Dwight D. Eisenhower vann valet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Originaltekst av Harry S. Truman ved Wikisource. |