Abadan
(Omdirigert frå Abadan i Iran)
Abadan (persisk: آبادان) er ein by i Iran. Byen har i dag eit ukjent folketal[1][2]. Byen ligg på Abadan-halvøya ved elva Arvand, og er mest kjend som hamn og oljeterminal.
Byen vart svært skada i 1980-81 under krigen mot Irak. Etter krigen var folketalet nær null, men byen er bygd opp att etterpå. I 1993 var raffineriet i delvis drift att, og i 1997 var produksjonen på same nivå som før krigen.
Abadan har eit senter for høgare utdanning i petroleumsteknologi og ein internasjonal flyplass.
Sjå òg
endreKjelder
endreFotnoter
endre- ↑ CAPLEX oppgjev 265 000 men folketalet har truleg stige raskt etter siste oppdatering, jmf Wikipedia på engelsk og svensk
- ↑ nettleksikonet Looklex oppgjev 330 000 som eit estimat frå 2005