1981
år
1981 (romartal MCMLXXXI) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 1. januar: Palau innførte sjølvstyre (det blei uavhengig i 1994)
- 1. januar: Hellas blei medlem i EF.
- 17. januar: President Ferdinand Marcos opphevde unntakstilstanden på Filippinane.
- 20. januar: Ronald Reagan blei president av USA etter Jimmy Carter. Kort tid seinare slapp Iran laus 52 amerikanarar som hadde vore halde fanga i 444 dagar under gisselkrisa i Iran.
- 9. februar: General Wojciech Jaruzelski blei statsleiar i Polen.
- 23. februar: Antonio Tejero leia et mislukka kuppforsøk i Spania.
- 1. mars: Bobby Sands byrja ein sveltestreik i Mazefengselet i Nord-Irland
- 30. mars: Den amerikanske presidenten Ronald Reagan blei skoten i brystet utanfor eit hotell i Washington, D.C. av John Hinckley jr.
- 12. april: Romferja Columbia blei skoten opp som den første romferje.
- 13. mai: Mehmet Alì Agça prøvde å drepa pave Johannes Paul II på Petersplassen. Paven blei berre såra i attentatet.
- 21. mai: François Mitterrand blei innsett som president i Frankrike. Pierre Mauroy blei statsminister.
- 30. mai: Presidenten i Bangladesh, Zia Rahman, blei drepen i eit attentat i byen Chittagong.
- 13. juni: Under ein seremoni i London avfyrte Marcus Sargeant seks lausskot frå eit våpen retta mot dronning Elizabeth II.
- 29. juli: Diana Frances Spencer gifta seg med Prins Charles
- 1. august: Fjernsynskanalen MTV byrja sine sendingar.
- 30. august: Persidenten og statsministeren i Iran, Muhammed Ali Rajai og Muhammed Javad Bahonar, og fleire titals andre blei drepne i eit bombeåtak.
- 28. august: Sør-Afrika invaderte Angola.
- 6. oktober: Presidenten i Egypt, Anwar Sadat, blei drepen av islamistar.
- 13. desember: General Wojciech Jaruzelski erklærte unntakstilstand i Polen. Leiarar for Solidaritet over hele landet blei internert.
- 31. desember: Jerry Rawlings leia eit militærkupp i Ghana for andre gong, og blei innsett som president.
Noreg
endre- 4. februar: Gro Harlem Brundtland overtok som statsminister etter Odvar Nordli.
- 6. februar: Seisnurparen «Western» forsvann på Helgelandskysten. Sju personar døydde.
- 14. oktober: Kåre Willoch overtok som statsminister etter Gro Harlem Brundtland.
- 5. november: Fem mennesker omkom då eit sjøfly styrta nær Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland.
- 6. desember: Det blei halde omval for Stortingsvalet 1981 i Buskerud og Troms.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1981.
- 18. januar: Maria Parr, norsk barnebokforfattar
- 28. januar: Erlend Hanstveit, norsk fotballspelar
- 18. mars: Tora Berger, norsk skiskyttar
- 25. mars: Anja Pärson, svensk alpinist
- 1. april: Bjørn Einar Romøren, norsk skihoppar
- 19. april: Jan Gunnar Solli, norsk fotballspelar
- 31. mai: Marlies Schild, austerriksk alpinist
- 20. juni: Brede Hangeland, norsk fotballspelar
- 25. juni: Simon Ammann, sveitsisk skihoppar
- 8. august: Roger Federer, sveitsisk tennisspelar
- 1. september: Inger Lise Hansen, norsk politikar
- 8. september: Morten Gamst Pedersen, norsk fotballspelar
- 26. september: Serena Williams, USA-amerikansk tennisspelar
- 28. september: Cecilia Brækhus, norsk boksar
- 3. oktober: Zlatan Ibrahimović, svensk fotballspelar
- 24. desember: Dima Bilan, russisk songar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1981.
- 3. januar: Karl Evang, norsk helsebyråkrat
- 1. februar: Geirr Tveitt, norsk komponist
- 9. mai: Rolf Just Nilsen, norsk skodespelar
- 11. mai: Odd Hassel, norsk kjemikar
- Bob Marley, jamaicansk reggaemusikar
- 28. mai: Mary Lou Williams, USA-amerikansk jazzpianist
- 6. juli: Kaare Fostervoll, norsk kringkastingssjef
- 1. september: Albert Speer, tysk politikar
- 12. september: Eugenio Montale, italiensk forfattar
- 6. oktober: Anwar Sadat, statsleiar i Egypt (drepen)
- 31. oktober: Bent Røiseland, norsk politikar
- 9. november: Bill Haley, USA-amerikansk rockemusikar
- 25. november: Sigbjørn Hølmebakk, norsk forfattar
- 26. november: Max Euwe, nederlandsk sjakkspelar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>