2005
år
2005 blei markert som:
2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
- Verdas fysikkår. Hundreårsjubileet for at Albert Einstein kom fram til relativitetsteorien blei markert av dei sameinte nasjonane som fysikkår.
- Hundreårsjubileum for oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige.
- Det norske friluftslivsåret 2005 blei oppretta som Miljøverndepartementet sitt bidrag til hundreårsmarkeringa
- I 2005 var det 60 år sidan frigjeringa 8. mai 1945. Den andre verdskrigen var slutt i Europa.
- Firehundreårsdagen for avsløringa av krutsamansverjinga, eller the Gunpowder Plot, feira kvart år som Guy Fawkes Day i Storbritannia.
- Internasjonalt år for mikrokreditt
- Internasjonalt år for sport og fysisk fostring
Hendingar
endreUtlandet
endre- 2. januar: Storm i USA drap 16.
- 8. januar: Stormen som tidlegare hadde råka USA kom til Nord-Europa og drap minst 13. I Sverige mista hundretusentals heimar straum- og telefonnett over lengre tid.
- 9. januar: Mahmoud Abbas blei vald som etterfylgjaren til Yassir Arafat i Palestina.
- 23. januar: Viktor Jusjtsjenko blei president i Ukraina.
- 8. mars: Den tsjetsjenske opprørsleiaren Aslan Maskhadov vart drept i Tolstoj-Jurt ei åtak frå russiske FSB-styrkar.
- 12. mars: Carolus Papoulias blei vald til president i Hellas.
- 21. mars: Ein elev drap ni andre før han tok sitt eige liv i Red Lake High School-massakren i Minnesota i USA.
- 9. april: Prins Charles av Wales gifta seg med Hertuginne Camilla av Cornwall.
- 19. april: Joseph Ratzinger blei vald til ny pave under namnet Benedikt XVI.
- 7. juli: London blei utsett for omfattande terroråtak mot kollektivtransporten. 52 blei drepne og minst 700 skada.
- 29. august: Orkanen Katrina skapte store øydeleggingar i USA og drap rundt tusen menneske.
- 7. september: Hosni Mubarak blei gjenvald som president i Egypt.
- 14. september: Rundt hundre blei drepne i Bagdad av bilbomber og væpna åtak på sivile.
- 4. oktober: Orkanen Stan forårsaka flaum og skred i Guatemala og El Salvador. Rundt fire tusen blei melde som døde eller sakna.
- 8. oktober: Eit veldig jordskjelv skapte store øydeleggingar og drap opp mot hundre tusen menneske i Pakistan, Afghanistan og India, særleg Kashmir.
- 7. november: Juntaen i Myanmar flytta hovudstaden frå Yangon til Pyinmana.
- 22. november: Angela Merkel blei den første kvinnelege tyske kanslaren.
Noreg
endre- 1. januar: Noreg auka talet på universitet til seks då Høgskolen i Stavanger og Noregs landbrukshøgskole blei til Universitetet i Stavanger og Universitetet for miljø- og biovitskap.
- Jarnbanetrafikken mellom Oslo og Stockholm blei lagt ned etter 131 år i drift.
- 1. mai: Bokbransjeavtalen vart endra slik at det ikkje lenger er fastpris på nye skjønnlitterære bøker, men høve til å gje inntil 12,5 % avslag i prisen
- 8. juni: Smittekjelda for ein epidemi av legionærsjuke som hadde kravd minst 10 dødsoffer på Austlandet vart funnen i eit renseanlegg på Borregaard sitt anlegg i Sarpsborg.
- 10. juni: Offisiell opning av den nye Svinesundsbrua
- 12. september: Stortingsvalet 2005.
- 17. oktober: Regjeringa Stoltenberg II kom til makta.
Fødde
endre- 8. april: Leah Isadora Behn, dotter av Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn.
- 15. oktober: prins Christian til Danmark.
- 31. oktober: prinsesse Leonor av Spania.
- 3. desember: Prins Sverre Magnus av Noreg, son av H.K.H. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit.
Døde
endre- Sjå òg Døde i 2005.
- 7. januar: Ivar Medaas, norsk visesongar
- 20. januar: Per Borten, norsk politikar, tidlegare statsminister
- 10. februar: Arthur Miller, amerikansk forfattar
- 20. februar: Hunter S. Thompson, amerikansk forfattar
- 22. mars: Lars Leiro, norsk politikar, tidlegare samferdsleminister
- 2. april: Pave Johannes Paul II
- 6. april: Fyrst Rainier III av Monaco
- 23. juni: Hanna Kvanmo, norsk politikar
- 20. juli: Finn Gustavsen, norsk politikar
- 24. oktober: Rosa Parks, amerikansk borgarretsforkjempar
- 10. november: Vidar Sandbeck, norsk visesongar og forfattar
- 24. november: George Best, nordirsk fotballspelar
- 3. desember: Kåre Kristiansen, norsk politikar
- 5. desember: John I. Alvheim, norsk politikar
<< 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 | 2025 | 2026 | 2027 | 2028 | 2029 | 2030 | 2031 | 2032 | 2033 | 2034 | 2035 | 2036 | 2037 | 2038 | 2039 | 2040 | 2041 | 2042 | 2043 | 2044 | 2045 | 2046 | 2047 | 2048 | 2049 | 2050 | 2051 | 2052 | 2053 | 2054 | 2055 | 2056 | 2057 | 2058 | 2059 | 2060 | 2061 | 2062 | 2063 | 2064 | 2065 | 2066 | 2067 | 2068 | 2069 | 2070 | 2071 | 2072 | 2073 | 2074 | 2075 | 2076 | 2077 | 2078 | 2079 | 2080 | 2081 | 2082 | 2083 | 2084 | 2085 | 2086 | 2087 | 2088 | 2089 | 2090 | 2091 | 2092 | 2093 | 2094 | 2095 | 2096 | 2097 | 2098 | 2099 >>