Vokativ er i grammatikken ei form av substantivet som blir brukt i tiltale. Eit eksempel er latin domine 'herre!', som i nominativ heter dominus. Det er vanleg å rekne vokativ som ein kasus, men jamfør avsnittet Særdrag ved vokativ nedanfor.
Her er eit døme frå Matteus 8,2 i Vulgata, den latinske bibelen:
- Domine, si vis, potes me mundare.
- 'Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.'
Vokativ fanst i dei eldste indoeuropeiske språka og var bevart mellom anna i sanskrit, gresk, latin og irsk. Vokativ er framleis i bruk i moderne gresk, der kírie (κύριε) 'herre!' er vokativ av kírios (κύριος) 'herre':
- Κύριε, ἐὰν θέλῃς, μπορεῖς νὰ μὲ καθαρίσῃς.
- Kírie, ean θélis, borís na me kaθarísis.
- 'Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.'
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.