Romanes er i Norden namn på valakisk romani, språket som blir snakka av folkegruppa rom (sigøynarar), til skilnad frå norsk og svensk romani, som er språket til romanifolket (dei reisande, taterane). Dette sistnemnde språket blir til vanleg berre kalla romani i Noreg og Sverige.
Romanes blir truleg talt av i underkant av 5000 menneske i Noreg, men av nærmare 1,5 millionar menneske i heile verda. Flest er det i Bosnia og Hercegovina (400 000) og Romania (over 240 000), men språket blir talt over store delar av Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika.
I 1998 fekk romanés status som minoritetsspråk i Noreg, ved sida av kvensk og romani, som ei følgje av at Noreg i 1993 ratifiserte Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Romane/sigøynarane har status som nasjonal minoritet.
Ordet romanes er eit adverb med tydinga 'på rom-vis', og namnet som talarane sjølve brukar på språket sitt, er romani shib 'romsk språk'. Ein person som høyrer til romane, heiter rom (fleirtal roma) i hankjønn og romni (fleirtal romnja) i hokjønn. Gazho (fleirtal gazhe) er ordet for ein ikkje-rom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.