Betong har så låg strekkstyrke (cirka 1/10 av trykkstyrken) at ein i praksis reknar at han ikkje kan oppta strekkpåkjenningar. I armert betong opptek armeringa strekkpåkjenninga. Med det kan armert betong brukast i konstruksjonar der uarmert betong er ubrukeleg. Fordi armeringsstålet skal liggje i strekksona av tverrsnittet, må stålet bøyast opp eller ned etter som trykk- og strekksona skiftar plass, til dømes i felta og over opplegga ved ein kontinuerleg bjelke. For at eit armeringsstål skal vere effektivt, må det vere forankra i begge endar. Forankringa er berre effektiv i trykksona av tverrsnittet og skjer ved heftsamband til den omgivande betongen. Nødvendig forankringslengd er 20–40 gonger stongdiameteren.
Armering blir også brukt for opptak av trykkpåkjenningar, men fordi det er meir økonomisk å oppta trykk med betong enn med stål, er det berre der det er særleg om å gjere å halde dimensjonane nede, at dette blir gjort. I og med at betongen fungerer som korrosjonsvern for armeringsstålet, blir det stilt visse minstekrav til betongoverdekninga mellom armering og betongoverflata. I utsette konstruksjonar og aggressive miljø må overdekninga aukast.
Tettleiken for armert betong er cirka 2500 kg/m3. Til armert betong blir det ikkje brukt betong med lågare trykkfastleik enn 15 N/mm2.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.