Faktaboks

Sankt Georg

St. Georg

George (engelsk), Georges (fransk), Georgij (russisk), Jorge (spansk, portugisisk), Giorgio (italiensk), Jørgen (norsk/dansk), Gøran (svensk)

Levetidskommentar
Etter tradisjonen død 303
St. Georg og draken, treskulptur i Storkyrkan, Stockholm
.
Lisens: CC BY 2.0
Sankt Georg drep draken
Sankt Georg nedkjempar draken, av Albrecht Dürer.
Av /Rijksmuseum.

Sankt Georg er ein av dei mest populære kristne helgenane. Tradisjonane om Georg er utelukkande baserte på legender og segner. Allereie på 400-talet byrja ein å trekkja i tvil om Georg verkeleg hadde levd.

Sankt Georg og draken

Legendene fortel at Georg fødd i Kappadokia i Vesleasia av kristne foreldre, og var offiser i den romerske hæren. Ifølgje Jacobus de Voragines legendesamling Legenda aurea (Gylne legender) reiste Georg til Libya, der ein drake heldt til. Draken kravde dagleg å få eta ei ung jente som skulle veljast ved loddtrekking. Til slutt blei den einaste dottera til kongen vald ut. Men ved Kristi hjelp klarte Georg å slå draken og setja prinsessa fri. Draken følgde lydig etter prinsessa etter at han blei såra i kampen med Georg. Kongen og befolkninga omvende seg til kristendommen, og Georg drap draken. Dette er eit symbol på Sankt Georgs kamp mot det onde, og det skildrar òg korleis Sankt Georg verkar for det gode.

Ifølgje tradisjonen skal Georg ha blitt drepen som martyr under keisar Diokletians kristenforfølging rett etter år 300. Etter at Georg både hadde blitt freista kokt, brend og knust under hjul utan at det beit på han, blei han til slutt halshoggen.

Helgen

Sankt Georg var vernehelgen (skytshelgen) for dei spedalske, og mange hospital for spedalske i mellomalderen fekk namn etter han, til dømes Sankt Jørgens Hospital i Bergen.

Sankt Georg er òg speidaranes skytshelgen. Speidarane fornyar speidarløftet den 23. april, for å minnast dagen Sankt Georg døydde.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.