Kart over RSFSR
Kart over Sovjetunionen (gult) med RSFSR markert i raudt. Som ein ser av kartet, var RSFSR den absolutt største av delrepublikkane i Sovjetunionen, og svarar i hovudsak geografisk til dagens Russland (russiske føderasjon), som blei oppretta i 1991.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

RSFSR, den russiske sovjetiske føderative sosialistiske republikken, var den største delrepublikken i Sovjetunionen, og svarar til dagens Russland. Éin av to innbyggjarar i Sovjetunionen budde i RSFSR. Tre firedelar av det sovjetiske arealet låg i RSFSR og to tredelar av industriproduksjonen og halvparten av jordbruksproduksjonen kom herifrå.

Faktaboks

Også kjend som
Den russiske sovjetiske føderative sosialistiske republikken (fram til 1937: Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken).

Dei største byane var Moskva, Leningrad (St. Petersburg), Gorkij (Nizjnij Novgorod) og Rostov-na-Donu.

Medan dei andre sovjetrepublikkane hadde eige statsberande kommunistparti, eiga forvaltning og eigen hovudstad, hadde RSFSR ikkje noko av dette, men var direkte underlagt dei felles sovjetiske institusjonane.

Då Sovjetunionen blei oppløyst i 1991, skifta RSFSR namn til Den russiske føderasjonen.

Opprettinga av RSFSR

Sovjetunionen blei oppretta i 1922, fem år etter oktoberrevolusjonen. Formelt sett var dette ein union av sjølvstendige rådsrepublikkar. I 1922 var desse republikkane RSFSR, Den belarusiske sosialistiske sovjetrepublikken (BSSR), den ukrainske SSR og Den transkaukasiske SSR.

Ordet føderativ i RSFSR viser til at delar av området republikken dekka, hadde autonomi. I område med store innslag av ikkje-russiske folkeslag, som til dømes tatarar, kalmykkar og mordvinar, blei det oppretta såkalla autonome republikkar og krinsar. Desse skulle ha eit slag indre sjølvstyre. Sjølvstyre blei det lite av i det sterkt sentralstyrte Sovjetunionen, men dei autonome områda fekk i oppgåve å standardisere lokalspråk og folklore.

Grenseendringar

Grensene rundt RSFSR blei endra fleire gonger. Allereie i 1924 gjennomførte styresmaktene nye grensedragningar i dei sentralasiatiske delane av RSFSR. Der hadde det vore ein autonom republikk, kalla Den turkestanske autonome sovjetrepublikken. Den hadde vore ein del av RSFSR, men blei no oppløyst og blei til sovjetrepublikkane Turkmenistan og Usbekistan.

I 1936 blei Den karakalpakiske autonome republikken overført frå RSFSR til den usbekiske sovjetrepublikken. Same året avga RSFSR to andre autonome republikkar – den kazakhiske og den kirgisiske – som heretter fekk status som sovjetrepublikkar på lik linje med RSFSR, Ukraina, Belarus og så vidare. Grenseendringane i 1936 var ein del av den nye grunnlova som blei vedteken det året.

I 1940, etter den sovjetisk-finske vinterkrigen, blei grensa mellom dei to statane endra slik at tidlegare finsk territorium på det karelske neset og nord for Ladogasjøen blei lagt under Den kalelsk-finske sovjetrepublikken, som i 1956 blei gjort til autonom republikk under RSFSR. I ein fredsavtale frå 1947 blei Petsjenga formelt overført fra Finland til Sovjetunionen (RSFSR). Dette førte til at Noreg fekk grense til Sovjetunionen, slik det hadde hatt til Russland før 1920.

I 1944 blei Tuva innlemma i RSFSR som autonomt fylke (oblast) og frå 1961 autonom republikk. Mellom 1921 og 1944 hadde Tuva formelt vore ein uavhengig folkerepublikk, men i praksis underlagt Sovjetunionen.

Som ein del av Jaltaavtalen frå 1945 kom dei sørlege delane av Sakhalin-øya og øygruppa Kurilane under Sovjetunionen som ein del av RSFSR. Potsdamkonferansen same året ga dei nordlege delane av det gamle Øst-Prøyssen til Sovjetunionen, som oppretta Kaliningrad fylke og la det inn under RSFSR.

Krimhalvøya blei overført frå RSFSR til den ukrainske sovjetrepublikken i 1954.

Frå RSFSR til Den russiske føderasjonen

I siste halvdel av 1980-talet gjekk det føre seg ei demokratisering og omlegging (perestrojka) av Sovjetunionen. I 1989 var det for første gong frie val til Det øverste sovjetet (rådet), nasjonalforsamlinga for heile Sovjetunionen. I motsetnad til dei andre sovjetrepublikkane, hadde RSFSR ikkje hatt noko eiga nasjonalforsamling, men som ledd i demokratseringa blei det i 1989 vedteke å opprette ei. Val blei heldt i mars 1990. Allereie i juni same året vedtok det nyvalde Øverste sovjetet i RSFSR «statleg suverenitet». I mai hadde Boris Jeltsin blitt vald til formann for Det øverste sovjetet i RSFSR. I juni var det for første gong ålmenne presidentval i RSFSR, og Jeltsin blei vald. Mikhail Gorbatsjov var på denne tida president for heile Sovjetunionen.

I august 1991 prøvde ei konservativ gruppe i kommunistpartiet å gjere kupp, men blei slått ned. I etterkant av kuppet styrka RSFSR seg på kostnad av den sovjetiske sentralmakta. I desember møttes presidentane for RSFSR og den ukrainske og belarusiske sovjetrepublikken, og vedtok at Sovjetunionen var oppløyst og at dei 15 unionsrepublikkane heretter var sjølvstendige. Dette vedtaket blei nokre dagar seinare ratifisert av RSFSR sitt øverste sovjet. Den 25. desember 1991 vedtok Det øverste sovjet i RSFSR å endre namn til den russiske føderasjonen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.