Ottar Birting var ein norsk lendmann av trøndsk ætt, som var ein av dei leiande stormenn i Noreg i fyrste halvdel av 1100-talet. Han spelte ei særskilt aktiv rolle medan kong Harald Gilles søner, Inge Krokrygg og Sigurd Munn, var born. Ottar var Sigurd sin fosterfar, og gjennom sitt ekteskap med enkedronning Ingerid Ragnvaldsdatter vart han Inges stefar. Denne dobbelte rolla har nok verka samlande på stormennene sine interesser den fyrste tida etter Harald Gilles død.
Ottar blir skildra som kortvokst, mandig og mørk – tilnamnet Birting (’den ljose’) blir vanlegvis tolka ironisk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.