Faktaboks

John-Ragnar Aarset
Fødd
18. desember 1973, Geilo
John-Ragnar Aarset
John-Ragnar Aarset på ein pressekonferanse i 2018.
John-Ragnar Aarset
Av /NTB scanpix.

John-Ragnar Aarset er ein norsk politikar. Han var frå 2015 til 2020 generalsekretær i Høgre, og frå 2020 til 2021 statssekretær i Samferdselsdepartementet.

Bakgrunn

Aarset var kommunestyrerepresentant i Hol i 1991–1995 og fylkestingsrepresentant i Buskerud i 1995–2002. Han har frå 1998 ei bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Oslo.

Rikspolitiske verv

Aarset var i 1998–2000 leier i Unge Høgre, i 2001–2004 sekretariatsnestleiar i Høgres stortingsgruppe, i 2004–2005 politisk rådgivar for kommunal- og regionalminister Erna Solberg, og i 2005–2008 kommunikasjonsrådgivar i Høgres stortingsgruppe.

Aarset var statssekretær i Samferdselsdepartementet i 2013–2015 og igjen frå 2020.

I stortingsperioden i 2001–2005 var han 1. vararepresentant for Buskerud Høgre, i perioden etter 2. vararepresentant.

Andre verv og stillingar

Utanom partipolitiske verv og stillingar har Aarset mellom anna arbeidd som kommunikasjonsrådgivar i 2000–2001 i PR-byrået Konsensus AS, som spesialrådgivar i 2008–2012 i PR-byrået Gambit Hill+Knowlton og i 2012–2013 som dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen. Frå 2021 er han kommunikasjonsdirektør i Avinor.

Aarset var i perioden frå 2004 til 2013 styreleiar i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Han fekk prisen Årets nynorskbrukar i 2018 frå Nynorsk kultursentrum.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.