Atopi er ein medfødd, arveleg bestemt tendens til å utvikle allergi av den typen som er avhengig av antistoffklassen IgE. Personar med atopi, atopikarar, er ofte allergiske mot fleire forskjellige allergen, og vert då kalla multiallergiske.
Personar med atopi har auka tilbøyelegheit til å få barneeksem (atopisk eksem), matallergi, elveblest (det same som urticaria) og allergiske luftvegslidingar som allergisk snue (høysnue, pollenallergi, dyrehårsallergi, middallergi) og astma.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.