Zeshan Shakar
Utsjånad
Zeshan Shakar | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. september 1982 (42 år) Oslo |
Yrke | statsvitar, skribent |
Ektefelle | Mishell Akhtar Shakar |
Zeshan Arild Shakar[1] (fødd 7. september 1982) er ein norsk forfattar.
Shakar er oppvaksen på Stovner i Oslo. Han er utdanna statsvitar ved Universitetet i Oslo og har økonomiutdanning frå Handelshøgskolen BI, og arbeider i Oslo rådhus. Shakar debuterte hausten 2017 med romanen Tante Ulrikkes vei, etter vegen på Stovner med same namn. For denne boka mottok han Tarjei Vesaas' debutantpris og bokbloggarprisen.[2][3][4] Boka har òg vorte sett opp som teaterstykke. I 2020 gav han ut den andre romanen sin, Gul bok. Saman med Don Martin skreiv han teaterstykket Linje 5 som hadde premiere på Det Norske Teatret hausten 2020. Shakar vann Neshornprisen i 2020.
Far til Shakar var blant dei første pakistanske arbeidsinnvandrarane i Noreg.[5]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Tante Ulrikkes vei – roman, Gyldendal (2017)
- Gul bok – roman, Gyldendal (2020)
- De kaller meg ulven – roman, Gyldendal (2022)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hassan, Abdirahman (22. april 2018). «Debutanten fra Stovner» (på norsk bokmål). Henta 8. oktober 2019.
- ↑ gyldendal.no: Zeshan Shakar besøkt 28. mai 2018
- ↑ forfatterforeningen.no: Tarjei Vesaas' Debutantpris til Zeshan Shakar besøkt 28. mai 2018
- ↑ Aftenposten (26. mai 2018): Tarjei Vesaas' Debutantpris til Zeshan Shakar besøkt 28. mai 2018
- ↑ Shakar, Zeshan (2018). «Etterord». I Korbøl, Aud og Midtbøen, Arnfinn H: Den kritiske fase - Innvandring til Norge fra Pakistan 1970 - 1973. Side 315. Universitetsforlaget. ISBN 9788215030210.
- Denne artikkelen bygger på «Zeshan Shakar» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2021.