Hopp til innhald

Ysting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Store kar med flytande ostemasse som skal brytast ned og bli til ostetypen emmenthaler.

Ysting er nemninga på den prosessen som går ut på å framstille ost. Ystinga vert i våre dagar for det meste gjort industrielt i såkalla ysteri, som anten kan vere sjølvstendige verksemder, eller produksjonseiningar i meieri.

Ystinga går føre seg ved at det vert tilsett løype, eit enzym, til ei oppvarma mengd mjølk, fløyte, eller ei blanding av mjølk og fløyte. Løypa får mjølkeproteinet kasein i til å løpe saman, koagulere, til ostemasse, slik at væska skil seg og mysa kan pressast ut av ostemassen. Deretter vert ostemassen elta, forma og sett til lagring for å modnast, som for somme typar går ut på ei gjæring og oppvekst av visse muggsoppar i eller utapå osten. Osten vert ofte handsama på ymse måtar under lagringa.

Dei norske brunostane av geite- og/eller kumjølk er laga ved at mjølk eller myse tilsett fløyte vert kokt inn, og er eigenleg å rekne som karamell.