Winston-Salem
Winston-Salem | |||
by | |||
Offisielt namn: City of Winston-Salem | |||
Motto: Urbs Condita Adiuvando (A city founded on cooperation) | |||
Kallenamn: City of Arts & Innovation, Twin City, Cigarette City, Camel City, Winston, The Dash, Tre 4 | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Nord-Carolina | ||
Fylke | Forsyth County | ||
Areal | 346,3 km² | ||
Folketal | 229 617 (2010[1][2]) | ||
Tidssone | Eastern (UTC-5) | ||
Winston-Salem 36°06′09″N 80°15′38″W / 36.1025°N 80.260555555556°W | |||
Kart som viser Winston-Salem.
| |||
Wikimedia Commons: Winston-Salem, North Carolina | |||
Nettstad: www |
Winston-Salem er ein by i den amerikanske delstaten Nord-Carolina med eit folketal på rundt 230 000 (2010).[1][2]
Byen ligg nord i delstaten, rundt 70 km vest for Greensboro og rundt 45 km sør for grensa til Vest-Virginia.
Byen blei danna gjennom ei samanslåing av dei to nabobyane Winston og Salem i 1913. Denne nemninga var allereie blitt brukt av det amerikanske postvesenet frå 1880-åra. I 1920 hadde Winston-Salem eit folketal på 48 395, og var den største byen i Nord-Carolina.[3][4][5]
Tobakkselskapet R. J. Reynolds Tobacco Company og Reynolds-familien har hatt mykje å seia for utviklinga av byen. Selskapet blei skipa i 1875, og blei kjend for produkt som Prince Albert pipetobakk (1907) og Camel-sigarettar (1913).
I 1917 kjøpte selskapet 340 000 m2 land i byen og bygde 180 hus som det selde til arbeidarane sine for kostpris. Byggjefeltet blei kalla Reynoldstown.[6]
I 1929 stod skyskraparen Reynolds Building på 96 m ferdig.[7][8] Han hadde 21 etasjar, og husa hovudkvarteret til Reynolds-selskapet. Skyskrapren var den høgaste bygningen i USA sør for Baltimore i Maryland, og blei utnemnd til årets beste bygning av American Institute of Architects.[9] Bygningen var ein forløpar og prototyp for den mykje høgare Empire State Building som blei bygd i New York i 1931.[10][11]
På 1940-talet var 60 % av arbeidarane i Winston-Salem tilsette anten i ved Reynolds-fabrikken eller ved tekstilverksemda til Hanes.[6]
Andre større verksemder frå byen er T.W. Garner Foods, som byrja selja den landskjende chilisausen Texas Pete i 1929, og Krispy Kreme, som opna sitt første smultringutsal i byen i 1937.[12]
Han har fleire universitet og høgskular, som Wake Forest University, Winston-Salem State University, North Carolina School of the Arts og Salem Academy and College.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Archived copy». Arkivert frå originalen 17. april 2016. Henta 8. august 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «Durham Passes Winston-Salem as State's 4th Largest City». Arkivert frå originalen 6. oktober 2011.
- ↑ «Washington Park Historic District». Livingplaces.com. Henta 29. mai 2014.
- ↑ «Merger of Winston, Salem allowed seeds of industry to sprout». Winston-Salem Journal. 8. mai 2013. Henta 29. mai 2014.
- ↑ Wellman, Manly Wade; Tise, Larry Edward (1976). Winston-Salem in History 8. Historic Winston. s. 5.
- ↑ 6,0 6,1 Tursi, Frank (1994). Winston-Salem: A History. John F. Blair, publisher. s. 110–11, 183. ISBN 978-0-89587-115-2.
- ↑ «Reynolds Building». Emporis.com. emporis.com. Henta 10. juli 2008.
- ↑ Craver, Richard (8. mai 2014). «Panel OKs nomination of RJR building for register». Winston-Salem Journal. Henta 9. mai 2014.
- ↑ Craver, Richard (23. november 2009). «Home of RJR on the market». Winston-Salem Journal. Arkivert frå originalen 25. november 2009. Henta 23. november 2009.
- ↑ «Reynolds Building». Allbusiness.com. Henta 18. september 2008.
- ↑ Covington, Owen (5. januar 2012). «A look at the historic Reynolds Building». Triad Business Journal. Henta 30. mai 2014.
- ↑ «Our Story». Krispy Kreme. Arkivert frå originalen 18. januar 2018. Henta 2. april 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Winston-Salem» frå Wikipedia på svensk, den 23. mars 2009.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Winston-Salem, North Carolina» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.