Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 31, 2013
Hardingdialekt er ei samlenemning på dialektene som vert snakka i dei sju noverande herada i Hardanger: Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik. Desse dialektene høyrer med til dei sørvestlandske målføra i Noreg. Dialekta i fjellbygda Røldal i Odda kommune har mykje til felles med dialektene i Ryfylke, men høyrer likevel med til hardingmålet. Likeeins har dialekta i Granvin mykje til felles med vossamål, og Jondal, Strandebarm liknar mykje på sunnhordlandsdialekt. Dialekta på Varaldsøy i Kvinnherad vert også rekna med til hardingmålet av di ein del trekk er felles.
Ordet Hardanger vart uttala har'angúr eller har'anger med trykk på fyrste stavinga i den tradisjonelle dialekta. Ordet «harding» blir enno uttala med stum d. Les meir …