Wikipedia:Nyhendearkiv
Utsjånad
Januar 2006
[endre wikiteksten]- 26. januar: Etter val til nasjonalforsamlinga i dei palestinske sjølvstyreområda har Hamas truleg fått fleirtal. (Stavanger Aftenblad)
- 13. januar: Michelle Bachelet er vald til den første kvinnelege presidenten i Chile. (BBC)
- 12. januar: Fornyingsdepartementet får låna nettadressa www.miside.no, til satsinga MiSide. (Wikinytt)
- 12. januar: Over 345 hadj-pilgrimar er trampa til døde i Mina nær Mekka (BBC)
- 11. januar: Wikinytt, den norske utgåva av Wikinews, starta opp i dag.
- 6. januar: Janne Ahonen frå Finland og Jakub Janda frå Tsjekkia vann hoppveka.
- 4. januar: Den israelske statsministeren Ariel Sharon er lagd inn på sjukehus etter eit stort hjerneslag.
- 1. januar: Gazprom stengde forsyninga av naturgass til Ukraina.
Desember 2005
[endre wikiteksten]- 19. desember: Evo Morales er vald til den første bolivianske presidenten med urfolksbakgrunn med omlag 54 % av stemmene.
- 3. desember: Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit har fått ein son, Sverre Magnus.
November 2005
[endre wikiteksten]- 17. november: Mahinda Rajapakse er vald til president på Sri Lanka med litt over 50% av stemmene. Han er kjend for å villa ta ei hard line mot dei tamilske tigrane. Tigrane oppfordra tamilar til å boikotta valet, og valdeltakinga i tamilske område var derfor svært låg. (Stavanger Aftenblad)
- 11. november: Ellen Johnson-Sirleaf fekk 59% av stemmene ved presidentvalet i Liberia, og blir dermed den første valde kvinnelege statsleiaren i Afrika. Rivalen George Weah meiner han er blitt utsett for valfusk. (BBC)
- 9. november: Minst 50 menneske vart drepne etter at tre bomber eksploderte i ein terroraksjon i Amman i Jordan.
- 6. november: Molde vinn Noregsmeisterskapen i fotball for menn.
- 6. november: President Jacques Chirac kallar inn det nasjonale tryggingsrådet til krisemøte etter ti dagar med aukande opptøy i Frankrike. (Stavanger Aftenblad)
- 5. november: Asker vinn Noregsmeisterskapen i fotball for kvinner.
Oktober 2005
[endre wikiteksten]- 29. oktober: Over 50 menneske vart i dag drepne i terrorangrep midt i dipavalihandelen i den indiske hovudstaden New Delhi. (NRK)
- 29. oktober: Vålerenga Fotball vinn Tippeligaen og blir seriemeister i fotball 2005.
- 24. oktober: Lech Kaczyński vinn presidentvalet i Polen. (Engelsk Wikipedia)
- 17. oktober: Jens Stoltenberg vart i dag ny norsk statsminister. Han er leiar for regjeringa Stoltenberg II. (www.bt.no )
- 13. oktober: Soria Moria-erklæringa vart lagd fram. Ho dannar grunnlaget for andre Stoltenbergregjeringa.(www.sv.no)
- 13. oktober: Nobelprisen i litteratur er tildelt Harold Pinter. «I sine drama legg Harold Pinter open avgrunnen i kvardagen, og med teksten sin tvingar han seg inn i livets lukka rom» laud uttalinga frå juryen. (Nettavisen)
- 10. oktober: Angela Merkel vert ny tysk kanslar. Partia CDU, CSU og SPD har vorte samde om å velja henne etter forbundsdagsvalet 2005. ( http://www.dagbladet.no/nyheter/2005/10/10/445876.html Dagbladet)
- 10. oktober: Nobelprisen i økonomi er tildelt Robert J. Aumann og Thomas C. Schelling for bidraga deira innan spelteori. (nobelprize.org)
- 8. oktober: Eit svært kraftig jordskjelv som målte minst 7,6 på Richters skala ramma Sør-Asia natt til 8. oktober. Pakistanske styresmakter fryktar at det er fleire tusen omkomne. UD melder om fleire sakna norske statsborgarar. (NRK)
- 7. oktober: Legemiddelfirmaet Merck har utvikla ein vaksine mot viruset som står for 70% av tilfella av livmorhalskreft. (BBC)
- 7. oktober: Nobels fredspris er tildelt det internasjonale atomenergibyrået og generaldirektør Mohamed ElBaradei. (NRK)
- 5. oktober: Nobelprisen i kjemi er tildelt Yves Chauvin, Robert Grubbs og Richard Schrock «for utvikling av metatesemetoden innanfor organisk syntese». (nobelprize.org)
- 4. oktober: Nobelprisen i fysikk er tildelt Roy Glauber, John Hall og Theodor Hänsch for arbeidet sitt innan optikk. (Vårt land)
- 3. oktober: Nobelprisen i medisin er tildelt dei to australiarane Barry J. Marshall og Robin Warren «for si oppdaging av bakterien Helicobacter pylori og hans rolle ved gastritt og magesår». (nobelprize.org)
- 1. oktober Minst 19 personer er drept og over 50 mennesker er skada, mange av desse utlendingar, då fleire bomber eksploderte på den indonesiske øya Bali (Aftenposten)
September 2005
[endre wikiteksten]- 26. september: Dei raud-grøne samarbeidspartia sette seg i dag saman på Soria Moria Hotell for å forhandla og arbeida fram Soria Moria-erklæringa (Aftenposten)
- 19. september: Dagen etter valet i Tyskland 2005 er det uvisst kven som vert kanslar. Dei raud-grøne partia har ikkje lenger fleirtal.
- 16. september: Hydro og Statoil vert med i finalerunden for eigardelar i naturgassfeltet Shtokman i Barentshavet. (bygg.no)
- 13. september: Ei raud-grøn allianse fekk fleirtal i Stortinget etter Stortingsvalet 2005 og Jens Stoltenberg dannar ny regjering (Dagbladet)
- 11. september: Det er jamt mellom regjeringsalternativa før Stortingsvalet 2005 (Aftenposten)
- 11. september: Israel dreg styrkane sine ut or Gazastripa (Stavanger Aftenblad)
August 2005
[endre wikiteksten]- 31. august: Store delar av byen New Orleans i USA er overfløymd i samband med orkanen Katrina
- 3. august: President Maaouya Ould Taya er blitt avsett i eit statskupp i Mauritania medan han var i gravferda til kong Fahd i Saudi-Arabia. (Dagsavisen)
- 1. august: Den nyutnemnde visepresidenten i Sudan, John Garang, er død i ei helikopterulukke. Tusenvis av sørsudanarar har teke til gatene i sinne. (Vårt Land)
- 1. august: Kong Fahd av Saudi-Arabia er død, rundt 84 år gammal.
Juli 2005
[endre wikiteksten]- 28. juli: IRA har sagt at dei har stopa våpenstriden mot britisk kontroll over Nord-Irland. Dei seier at fredsprossessen har gjeve ein annan veg å nå måla deira. (Bergens Tidende)
- 28. juli: Veldige regnmassar skapar flaum og jordskred i den indiske delstaten Maharashtra og hovudstaden Mumbai (Bombay). Fleire hundre er drepne. (Aftenposten)
- 14. juli: Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart i dag sett opp på UNESCO si verdsarvliste. (Dagbladet)
- 7. juli: Fleire bombeeksplosjonar i London har drepe minst 49 menneske og såra over 700. Ei ukjend islamistisk terrorgruppe har teke på seg skulda. (NRK, BBC, BBC)
Juni 2005
[endre wikiteksten]- 11. juni: Dei åtte rikaste landa i verda har i det siste G8-møtet bestemt seg for å sletta gjelda til dei 18 fattigaste landa i verda: Benin, Bolivia, Burkina Faso, Etiopia, Ghana, Guyana, Honduras, Madagaskar, Mali, Mauritania, Mosambik, Nicaragua, Niger, Rwanda, Senegal, Tanzania, Uganda og Zambia. (BBC)
- 6. juni: Apple kjem til å gå frå å nytta IBM-prosessorar i datamaskinene sine til å nytta prosessorar laga av Intel, same type prosessor som mange andre populære operativsystem nyttar, som til dømes Windows og Linux. (Apple)
- 2. juni: Den libanesiske læraren og journalisten Samir Qasir vart drepen av ei bilbombe ved heimen sin i Beirut. Qasir var ein markant tilhengjar av libanesisk demokrati og sjølvstende frå Syria. (BBC)
Mai 2005
[endre wikiteksten]- 29. mai: Frankrike stemte den 29. mai nei til forfatning for Europa. Medlemmer av den franske regjeringa omtalar resultatet som eit nederlag for Frankrike og for Europa, medan neitilhengjarar som Jean-Marie Le Pen krev at Chirac lyt gå av. Dagbladet
- 27. mai: Legionærsjuken, forårsaka av Legionella-bakterien, har så langt kravd fem menneskeliv i Østfold, medan totalt 44 har testa positivt for smitte av bakterien. Helsemyndigheitene leitar framleis etter smittekjelda.
- 26. mai: Pascal Lamy er utnemnd til ny generaldirektør for Verdshandelsorganisasjonen.
- 23. mai: Ved valet den 22. mai i delstaten Nordrhein-Westfalen i Tyskland leid sosialdemokratane eit knusande nederlag og tapte regjeringsmakta til dei konservative under Jürgen Rüttgers. Tysklands kanslar Gerhard Schröder varslar no overraskande at riksvala vil bli haldne allereie i haust. Mal:Dato
- 13.05: Seriemordaren Michael Ross frå Connecticut vert den første avretta personen i New England på 45 år. (Reuters).
- 12.05: Ni personar vert drepne i Usbekistan i eit angrep på ein politistasjon.
- Ein sjølvmordsbombar drep minst 58 menneske på ein marknadspalss sør for Bagdad i Irak.
- I det britiske parlamentsvalet vinn det britiske arbeidarpartiet eit redusert fleirtal. Tony Blair blir den første leiaren for dette partiet som blir statsminister tre gonger på rad.
- 02.05: Minst 30 mistar livet og 50 vert skada av ei bilbombe i gravferda til ein kurdisk embetsmann i nordlege Irak, og 11 er døde og 30 skadde etter ei anna bilbombe gjekk av i hovudstaden Bagdad. CNN, All Headline News.
- 02.05: Australiaren Douglas Wood ber statsminister John Howard om å trekkja styrkene ut av Irak etter at han vart bortførd og vert held fanga som gissel av irakiske terroristar. Sydney Morning Herald.
April 2005
[endre wikiteksten]- 27.04: Airbus A380, verdas største passasjerfly, flaug for første gong i dag. (NRK, Reuters).
- 27.04: Ei tragisk buss- og tog-ulukke i Sri Lanka drep fleire enn 50 i ei av dei største ulukkene på øya nokon gong (Reuters)
- 27.04: Ein reknar med at fleire enn 100 er døde etter togulukka i Amagasaki i Japan.
- 25.04: Kronprinsesse Mette-Marit ventar det norske kronprinsparet sitt andre born, medan Mary av Danmark ventar det danske kronprinsparet sitt fyrste. (VG)
- 19.04: Kardinal Joseph Ratzinger frå Tyskland vert vald til pave og tek namnet Pave Benedikt XVI. (Aftenposten)
er venta å støtta det baskiske nasjonalistpartiet (PNV), som har lova ei folkeavstemming om baskisk sjølvstende. (BBC)
- 17.04: Irakiske og USA-amerikanske styrker går til aksjon mot sunnisoldatar, som har teke fleire sjiamuslimar som gissel i Maidan, sør for Bagdad. (BBC)
- 09.04 - I Storbritannia gifter Prins Charles av Wales seg med Camilla Parker Bowles i ein borgarleg seremoni. (Stavanger Aftenblad)
- 08.04 - Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn har fått ei dotter, Leah Isadora Behn. ((Dagbladet))
- 07.04. - Vanlege kasjmirarar frå India og Pakistan krysser grensa for første gong på 57 år. (Vårt Land)
- 06.04. - Kurdaren Jalal Talabani blir den første valde presidenten i Irak ((BBC))
- 06.04. - Representantar for dei to krigande partane i Elfenbeinskysten har skrive under på ein fredsavtale i Pretoria i Sør-Afrika. (Dagsavisen)
- 06.04 - Albert II er ny fyrste av Monaco. Fyrst Rainier III døydde i dag tidleg. (www.wikinews.org)
- 04.04 - Askar Akajev, i eksil i Moskva, skriv under ei erklæring om at han formelt trekk seg som president for Kirgisistan. (www.aftenposten.no)
- 02.04 - Pave Johannes Paul II døydde i dag etter over 26 år som pave, skriv Vatikanet i ei kunngjering. (www.aftenposten.no)
- 01.04 - H.M. Kong Harald er operert på Rikshospitalet i Oslo. Legane opplyser at det kirurgiske inngrepet har gått etter planen. (www.kongehuset.no)
- 01.04 - Pave Johannes Paul II ligg for døden, etter at fleire organ er i ferd med å svikta, opplysar offisielle talsmenn i Vatikanet. (Aftenposten)
Mars 2005
[endre wikiteksten]- 29.03 - H.M. Kong Harald er innlagt på Rikshospitalet i Oslo for å klargjerast for hjarteoperasjonen på fredag. (Dagbladet) (NRK)
- 29.03 - Eit kraftig jordskjelv som målte 8,7 på richterskalaen råka Indonesia i natt. Så mange som 1000 menneske kan reknast med å ha omkomme på øya Nias utanfor kysten av Sumatra. (Reuters) (NRK)
- 27.03 - Sommartid byrjar i Noreg kl. 2 natt til søndag 27. mars 2005. Klokka skal då stillast ein time fram.
- 26.03 - Fleire hundre tusen er i gatene i Taipei, Taiwan og protesterer mot ein kinesisk lov som opnar for krig dersom Taiwan seier seg sjølvstendig. (NRK) (Wikinews)
- 25.03 - Hundrevis av protestantar har samla seg utanfor asylmottaket Baxter Detention Centre i den australske ørkenen, der dei protesterer mot obligatorisk fengsling og påstått tortur av asylsøkarar. (Wikinews)
- Tulipanrevolusjonen er ein revolusjon i Kirgisistan. Høgsteretten godkjenner ikkje valresultata frå valet i 2005, og President Askar Akajev flyktar frå landet etter at opptøyene i hovudstaden Bisjkek og andre byar rundt i landet veks. Nasjonalforsmalinga har utpeika opposisjonsleiaren Kurmanbek Bakijev til statsminister med presidentoppgåver.
- H.M. Kong Harald (biletet) har hjerteproblem og skal opererast etter påske.
- Ole Christian Kvarme vart ny ble ny biskop i Oslo.
- Ei 11 km høg røyksøyle fra vulkanen Mount St. Helens kan sjåast flere mil unna.
- Den bolivianske regjeringen forkaster avskjedssøknaden til president Carlos Mesa.