Weissenburglinjene
Weissenburglinjene eller Wissembourglinjene var eit festningsverk som bestod av jordvollar med små festningar langs elva Lauter.
Linjene strekte seg 19 km frå Lauterbourg til Wissembourg og vart bygd av franskmennene under den spanske arvefølgjekrigen under hertugen av Villars i 1706.
Under den austerrikske arvefølgjekrigen tapte franskmennene linjene og dette spelte ei viktig rolle i felttoget i 1744. Ludvig XV kommanderte ein hær på 90 000 mann for å invadere Dei austerrikske Nederlanda, and tok byane Menen og Ieper. Han måtte gje opp invasjonsplanane då fyrst Karl Aleksander av Lorraine, assistert av veteranen Traun, med kløkt klarte å styre armeen sin over Rhinen nær Philippsburg den 1. juli, og tok Wissembourglinjene. Dermed stod dei mellom armeen til Prince de Cont og Alsace.[1] Sjølv om Coigny klarte å klarte å kjempe seg gjennom fienden ved Wissembourg og slo seg ned nær Strasbourg gav Ludvig XV opp invasjonen av Dei sørlege Nederlanda, og armeen hans flytta seg sørover for å ta ein avgjerande del i krigen i Alsace og Lorraine
Linjene var framleis militært og strategisk viktige under dei franske revolusjonskrigane. Linjene vart storma 13. oktober 1793 av prøyssarane og saksarane under den austerrikske general Wurmser.[2][3] Den første koalisjonen vart på si side drive bort av Hoche den 26. desember og tvunge til å trekke seg tilbake til andre sida av Rhinen.[4][5][6]
I 1815, etter slaget ved Waterloo, rykte den austerrikske hæren ved Øvre Rhinen inn i Frankrike. 25. juni gav kronprinsen av Württemberg kommandøren av det 3. austerrikske korpset ordre om å rykke fram til linjene i to kolonnar. Den første kolonnen samla seg ved Bergzabern, og den andre rykte framover ved Nieder Ottersbach. Grev Wallmoden fekk beskjed om å rykke fram mot Lauterburg. Kronprinsen gjekk langs Hagenau-vegen. Vaktstyrken hans pressa på inn i Inglesheim, medan hovudstyrken til det 3. korpset nådde linjene, som franskmennene under general Jean Rapp hadde forlate i løpet av natta, og fall tilbake Hagenauskogen og den store landsbyen Surburg.[7][8]
I 1870 eksisterte ikkje linjene lenger, men to sentrale fort i byane Wissembourg og Altenstadt, hadde framleis festningsverk som var nyttige forsvarsverk under slaget ved Wissembourg.[9] 4. august 1870 fekk tyskarane under kronprinsen av Preussen, seinare keisar Fredrik III, den første sigeren i krigen over eit fransk korps (del av armeen kommandert av MacMahon) under general Douay, som vart drepen tidleg i slaget.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve artikkel «Weissenburg», eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
- ↑ Caryle, Thomas, History of Friedrich II of Prussia V: Book XV Second Silesian War, Important Episode in the General European one. 15th Aug. 1744-25th Dec. 1745. Arkivert 2009-01-12 ved Wayback Machine. Chapter 1: Section: Prince Karl gets across the Rhine (20 June-2 July 1744). (Project Gutenberg)
- ↑ 2,0 2,1 Encyclopædia Britannica 11. utgåve - Weissenburg
- ↑ Adolphe Thiers, Frederic Shoberl, John Boyd (Omsett av Frederic Shoberl). The History of the French Revolution, Carey and Hart, 1844. s. 335
- ↑ Friedrich Christoph Schlosser, David Davison (Omsett av David Davison). History of the Eighteenth Century and of the Nineteenth Till the Overthrow of the French Empire: With Particular Reference to Mental Cultivation and Progress, Chapman and Hall, 1845. s. 540
- ↑ Lazare Hoche
- ↑ Note: Encyclopædia Britannica 11. utg. hevdar at Charles Pichegru leia åtaket.
- ↑ Siborne, William. Waterloo Campaign 1815, Fourth Edition, Birmingham, 34 Wheeleys Road. Supplement section s. 771,772.
- ↑ Staff. Surburg, www.clash-of-steel.co.uk
- ↑ Geoffrey Wawro. The Franco-Prussian War, Cambridge University Press, 2003 ISBN 0-521-58436-1. s. 97