Hopp til innhald

Vulkanøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mo'orea, ei vulkanøy der den sentrale øya framleis er tydeleg.
Stromboli er ei av dei åtte eoliske øyane, ein vulkanboge nord for Sicilia.

Vulkanøy er geologisk sett ei øy av vulkansk opphav. Ein kan nytta omgrepet «høg øy» kan for å skilja ei slik øy frå ei låg øy, eller koralløy, som er danna frå sedimentering eller oppheving av korallrev (som ofte er blitt danna på vulkanar som har sokke).[1]

Det finst ei rekkje vulkanske øyar som ikkje når meir enn 1 meter over havnivå, ofte klassifiserte som holmar eller skjer, medan nokre låge øyar, som Banaba, Henderson Island, Makatea, Nauru og Niue, når over 50 meter over havnivå.

Høge og låge øyar ligg ofte i nærleiken av kvarandre. Dette gjeld særleg øyane i Sør-Stillehavet, der det finst låge øyar ved kantane av reva som omgjev dei fleste vulkanske øyane. Vulkanske øyar ligg vanlegvis over ein søylestraum eller «heit flekk».

Vulkanske øyar har gjerne ein storleik på mellom 1 og 104 kvadratkilometer (0,39 og 40,15 sq mi).[2] Øyar over ein viss storleik har vanlegvis ferskt grunnvatn, medan låge øyar ofte ikkje har det, så vulkanøyar har større sjanse for å kunna støtta ein busetnad.

Mange vulkanøyar stig opp frå ein djup havbotn, og kan ha ulendte eller fjellrike landskap i innlandet. Forsking har funne at slike øyar ofte er dekte av tjukk tropisk skog. Desse eigenskapane gjer at det kan vera avgrensingar for busetnad i innlandet, slik at folk gjerne utviklar busetnader langs kysten.[3] Større øyar kan ha elvar, noko som kan føra til flaumfare. Elvar fører med seg sediment, noko somkan dominera forma på kysten og bidra til erosjon. Høge vulkanøyar er ofte omgjevne av vernande rev som skapar lagunar.[3]

  1. Murphy, Raymond E. (July 1949). «"High" and "Low" Islands in the Eastern Carolines». Geographical Review (American Geographical Society) 39 (3): 425–439. Bibcode:1949GeoRv..39..425M. JSTOR 210643. doi:10.2307/210643. 
  2. Condie, Kent C. (1. januar 2022), Condie, Kent C., red., «Chapter 2 – The crust», Earth as an Evolving Planetary System (Fourth Edition) (Academic Press): 9–37, ISBN 978-0-12-819914-5, henta 28. desember 2023 
  3. 3,0 3,1 Velmurugan, Ayyam (1. januar 2008), Sivaperuman, Chandrakasan; Velmurugan, Ayyam; Singh, Awnindra Kumar; Jaisankar, Iyyappan, red., «Chapter 1 – The Nature and Characters of Tropical Islands», Biodiversity and Climate Change Adaptation in Tropical Islands (Academic Press): 3–30, ISBN 978-0-12-813064-3, henta 28. desember 2023 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vulkanøy