Hopp til innhald

Vossestrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hotel Stalheim på Vossestrand.

Vossestrand er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland fylke som frå 1837 var ein del av Voss formannskapsdistrikt.

Europaveg 16 og riksveg 13 går gjennom Vossestrand.

Folk frå Vossestrand

[endre | endre wikiteksten]
Sivlegarden på Stalheim der Per Sivle voks opp.
Foto: Frode Inge Helland

Skihopparen og OL-vinnaren Lars Bystøl og forfattaren Sjur Bygd kjem frå Myrkdalen på Vossestrand. Forfattaren Per Sivle voks opp på Vossestrand.

Vossestrand herad 1868-1964

[endre | endre wikiteksten]

1. januar 1868 vart Vossestrand skilt ut frå Voss som eigen kommune. Vossestrand hadde då 2 009 innbyggjarar. 21. august 1869 vart ein ubebudd del av Voss overført til Vossestrand ved kongeleg resolusjon.

1. januar 1964 vart Vossestrand, det meste av Evanger kommune (unnateke Bergsdalen og Eksingadalen) og Voss slegne saman til den nye Voss kommune. Vossestrand hadde ved samanslåinga 1 573 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Vossestrand kommune frå 1868 til 1964:

1.1.1868 1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
2009 1868 1851 1838 1717 1570 1573

Heradstyrerepresentantar

Det første listevalet i Vossestrand vart halde i 1919.

År Venstre Rein Venstreliste Bondepartiet Upolitisk liste Arbeidarpartiet Fråhaldsfolket Kristeleg Folkeparti Heimefronten Høgre
1919[4] 10 6
1922[5] 3 10 2 1a
1925[6] 3 10 2 1b
1928[7] 3 8 4 1
1931
1934[8] 3 9 3 1c
1937[9] 2 9 4 1c
1945[10] 1 9 2 3 1
1947[11] 2 9 1 3 1
1951[12] 2 11 3 1
1955[13] 12 4 1
1959[14] 11 2d 3 1

a«Arbeidarlista»
b«Arbeidar- og smaabrukarlista»
c«Kristeleg Folkeparti og Fråhaldsfolket»
d«Bygdelista»

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengde på Vossestrand 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. "Hordaland" 29.10.1919
  5. "Hordaland" 28.10.1922
  6. "Hordaland" 24.10.1925
  7. "Hordaland" 17.10.1928
  8. Hordaland 17.10.1934
  9. Hordaland 20.10.1937
  10. Hordaland 8.12.1945
  11. "Hordaland 25.10.1947
  12. "Hordaland 13.10.1951
  13. "Hordaland 5.10.1955
  14. "Hordaland 3.10.1959

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]