Volvo Masters Andalucia
Utsjånad
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Volvo Masters Andalucia er ein golfturnering på Europatouren.
Fram til 2000 var turneringa berre kjend som Volvo Masters. Andalucia er regionen i Spania der turneringa har vorte halden sidan starten i 1988. Bortsett frå eit opphald mellom 1997–2001 har den alltid blitt spelt på Valderrama. Premiepotten i opningsturneringa var 351 690 pund, og pr. 2004 hadde den auka til 3 750 000 euro. Feltet består av rundt 60 av dei øvste spelarane på pengelista på Europatouren. Turneringa vert skipa til ei veke før The Tour Championship for å gje spelarane som er medlem av begge tourane høve til å delta.
Vinnarar
[endre | endre wikiteksten]- 2006: Jeev Milkha Singh India
- 2005: Paul McGinley Republikken Irland
- 2004: Ian Poulter, England
- 2003: Fredrik Jacobson, Sverige
- 2002: Bernhard Langer, Tyskland, og Colin Montgomerie, Skottland (ein valde å dele tittelen da mørket fall på)
- 2001: Padraig Harrington, Irland
- 2000: Pierre Fulke, Sverige
- 1999: Miguel Angel Jiménez, Spania
- 1998: Darren Clarke, Nord-Irland
- 1997: Lee Westwood, England
- 1996: Mark McNulty, Zimbabwe
- 1995: Alex Cejka, Tyskland
- 1994: Bernhard Langer, Tyskland
- 1993: Colin Montgomerie, Skottland
- 1992: Sandy Lyle, Skottland
- 1991: Rodger Davis, Australia
- 1990: Mike Harwood, Australia
- 1989: Rohan Rafferty, Nord-Irland
- 1988: Nick Faldo, England
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Volvo Masters Andalucia» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |