Vestlandsk fjordfe
Vestlandsk fjordfe er ein gammal norsk storferase frå Vestlandet, knytt til området frå Hordaland til Nordmøre.[1]
Historie, kjenneteikn og utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Vestlandsk fjordfe stammar frå storfeet ein tradisjonelt heldt på Vestlandet. Det blei anerkjent som rase på 1890-talet, og det blei ført stambok over rasen fram til 1920. På starten av 1900-talet prøvde ein å laga lokale underrasar av fjordfeet, der kvar region skulle ala på ein særskild farge og hornanlegg. Dette gjekk ein vekk frå ettersom populasjonane då blei for små. Rasen er i dag kjenneteikna av stor variasjon i farge, størrelse og hornanlegg. Storleiken er likevel ganske jamn, med dei fleste dyra på mellom 400 og 500 kg.
Vestlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe blei slått saman til éin rase i 1947, særleg på grunn av innalsproblem i fjordfeet. Då ein byrja arbeid med å bevara dei gamle storferasene på 1980-talet, gjekk ein tilbake til å skilja dei to typane som eigne rasar att. I 2006 var det registrert 600 vestlandske fjordfe i kuregisteret. Det finst ei bevaringsbesetning for fjordfeet ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.
I regi av GENO, som formidler oksesæd til inseminering, blir det også formidla sæd av fjordfeet til interesserte bønder.
Så òg
[endre | endre wikiteksten]- Dølafe
- Sida trønder- og nordlandsfe
- Telemarksfe
- Austlandsk raudkolle
- Målselvfe
- Vestlandsk raudkolle
- Norsk raudt fe
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Om fjordfe», fjordfe.no
- Denne artikkelen bygger på «Vestlandsk fjordfe» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2015.