Hopp til innhald

Verdsdel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsdelar er store geografiske område jorda blir delt inn i. Dei baserer seg på dei ulike kontinenta og verdshava som skil dei, men òg på tradisjonelle verdsinndelingar bestemt av historie og kultur.

Europa er til dømes ein verdsdel fordi han tradisjonelt er blitt oppfatta slik. Europearane har sett på seg sjølve som meir eller mindre eitt folk med ei felles kulturarv. Afrika har ingen slik tradisjon for å oppfatta seg som ein eigen verdsdel, kystområda har tvert imot tettast samband med områda på andre sida av havet. Fordi det er eit eige kontinent blir Afrika likevel rekna som éin verdsdel.

Vanlegvis deler ein landmassane på jorda inn i fem eller sju verdsdelar:

Fem verdsdelar:

  1. Asia
  2. Afrika
  3. Amerika
  4. Oseania (tidlegare Australia)
  5. Europa

Sju verdsdelar:

  1. Asia
  2. Afrika
  3. Europa
  4. Nord-Amerika
  5. Sør-Amerika
  6. Oseania
  7. Antarktis

Arktis er ikkje ein verdsdel fordi det berre finst drivis, ikkje land, rundt Nordpolen.

AmerikaEuropaAsiaOseaniaOseaniaAfrikaAntarktika
4 kontinent[1][2]        Amerika           Afrika-Eurasia     Oseania     Antarktika
5 kontinent        Amerika        Eurasia     Afrika     Oseania     Antarktika
5 kontinent[3][4]        Amerika     Asia     Europa     Afrika     Oseania
6 kontinent[1][2]        Amerika     Asia     Europa     Afrika     Oseania     Antarktika
7 kontinent     Nord-Amerika     Sør-Amerika     Asia     Europa     Afrika     Oseania     Antarktika
*        Den nye verda           Den gamle verda
  1. 1,0 1,1 Océano Uno, Diccionario Enciclopédico y Atlas Mundial, "Continente", page 392, 1730. ISBN 84-494-0188-7
  2. 2,0 2,1 Los Cinco Continentes (The Five Continents), Planeta-De Agostini Editions, 1997. ISBN 84-395-6054-0
  3. Van Loon's Geography: The Story of the World We Live In, 1932, Simon and Schuster
  4. The Olympic symbols. International Olympic Committee. 2002. Lausanne: Olympic Museum and Studies Centre. The five rings of the Olympic logo represent the five inhabited, participating continents (Africa, America, Asia, Europe, and Oceania Arkivert 2009-03-24 ved Wayback Machine.); thus, Antarctica is excluded from the flag. Also see Association of National Olympic Committees: [1] [2] [3] [4] [5]