Hopp til innhald

Vengsøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vengsøyfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Kart
Vengsøyfjorden
69°48′32″N 18°29′13″E / 69.80889°N 18.48694°E / 69.80889; 18.48694

Vengsøyfjorden er ein fjord mellom Vengsøya i nord og Kvaløya i sør i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 12 km austover til Kaldfjorden som går sørover på Kvaløya.

Fjorden har innløp i vest mellom Gjøssøya i nord og Madsengodden i sør. Sørvest for Madsengodden går Sessøyfjorden sørover. På sørsida av fjorden ligg bygda Tromvik og like aust for denne bygda går Grøtfjorden sørover. Her ligg òg bygda Grøtfjord. Fjorden endar i aust mellom Vågsøya i nord og Røsnes i sør.