Velikij Ustjug
Velikij Ustjug Великий Устюг | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Vologda oblast | ||
Først nemnd i | 1147 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
32 048 | ||
Koordinatar | 60°46′N 46°18′E / 60.767°N 46.300°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 81738 | ||
Bilnummer | 35 |
Velikij Ustjug (russisk Вели́кий У́стюг) er ein by i Vologda oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg der elvane Sukhona og Jug renn saman.
Den første busetnaden ein veit om her var klosterbusetnaden ved Gleden (russisk Гледен), som vart oppretta nær staden der elva Jug renn saman med Sukhona og dannar elva Nordre Dvina). På slutten av 1400-talet hadde staden fått tittelen Store - Velikij (russisk Великий).
Byen Velikij Ustjug er først nemnt i ei skriftlege kjelde i 1207. Han var ein del av fyrstedømet Vladimir-Suzdal. Sidan han låg der fleire viktige handelsruter kryssa kvarandre, utvikla byen seg til eit viktig handels- og industrisenter på 15- og 1600-talet. Velikij Ustjug mista denne viktige rolla som elvehamn etter kvart som handelen langs Sukhona tapte i høve handelen mellom Kina og Vest-Europa. Dette vart særskild verre etter opninga av Suezkanalen i 1869. Byen er elles kjend for sine utsøkte handverk, som sølvfiligrans, neverutskjeringar, dekorativ koparbinding og niello.
I skogen nær Velikij Ustjug ligg ein turiststad som vert marknadsført som Ded Moroz sin vottsjina, hans offisielle bustad.
Biletgalleri
[endre | endre wikiteksten]-
Velikij Ustjug og Sukhona-elva (flyfoto 2001).
-
Utsikt mot katedral-
komplekset i Velikij Ustjug frå landsbyen Dymkovo (foto 2001). -
Elvebreidd i Velikij Ustjug (foto 1913).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Byen sin webportal
- Museumskomplekset i Velikij Ustjug
- Satellittbilete frå Google Maps
- Velikij Ustjug på gamle og nyare bilete Arkivert 2007-12-24 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Velikij Ustjug» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.