Vegusdal
Vegusdal | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Vegusdal 58°34′45″N 8°08′44″E / 58.579166666667°N 8.1455555555556°E |
Vegusdal er ei bygd og ein tidlegare heradskommune i Aust-Agder. Heradet hadde ei flatevidd på 325,1 km². Landskapet er prega av fleire større nord-sør-gåande elvar, så som Tovdalselva, Hovlandsdalsåna/Flatelandsåna, Engelsåna, Rettåna og Skreerosåna, som lagar større vatn. Kring vatna er store myrar med skogkledde åsar og nakne heiar. I alt er det kring 525 vatn i bygda. Berggrunnen er mest gneis, jorda er både sandblanda moldjord og myrjord. Høgste punktet på 660 moh ligg i nord, lågaste punktet er kring 140 moh.
Årsnedbøren er 1196 mm, middeltemperaturen 5,2.
Soga om Vegusdal herad
[endre | endre wikiteksten]Heradskommunen Vegusdal vart oppretta frå 1. januar 1877, og hadde då 935 innbyggarar. Tidlegare var bygda del av Evje herad. Vegusdal hadde i 1900 941 innbyggarar, det auka til 1051, før det byrja gå tilbake, i 1960 budde 695 menneske i heradet. Kommunen vart i 1967 slått saman med Birkenes og Herefoss til nye Birkenes kommune.
Kyrkja
[endre | endre wikiteksten]Vegusdal kyrkje er frå 1867.
Folkenamn
[endre | endre wikiteksten]Ein person frå bygda er ein vegdøl.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kristian Gleditsch (1964). «Vegusdal». I Arnulv Sudmann. Norsk allkunnebok. 10. bandet. Oslo: Fonna Forlag. s. 1002-1003.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vegusdal sogenemnd, red. (1995). Vegusdal : gards- og ættesoge. Engesland: Vegusdal sogenemnd.
- Olav Hovland (1956). «Vegusdal». I H.M. Fiskaa og H. Falck Myckland. Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del. Oslo: Norsk faglitteratur. s. 767.
- Amund Helland, red. (1904). «Vegusdal». Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 9 2 : Nedenes amt Byerne og herrederne. Kristiania: Aschehoug. s. 445-457.
- SSB, red. (1962). Folketellingen 1. november 1960 : tellingsresultater : tilbakegående tall : prognoser : : 0934 Vegusdal. Oslo: Statistisk sentralbyrå.
- «Forskrift om sammenslåing av Birkenes, Åmli, Froland, Herefoss, Vegusdal, Tovdal og Mykland kommuner, Aust-Agder.» (lovdata.no)
- «Forskrift om kommunenavn, Birkenes kommune, Aust-Agder.» (lovdata.no)