Hopp til innhald

Vänersborg

Koordinatar: 58°22′44.540″N 12°19′31.033″E / 58.37903889°N 12.32528694°E / 58.37903889; 12.32528694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°22′44.540″N 12°19′31.033″E / 58.37903889°N 12.32528694°E / 58.37903889; 12.32528694

Hamngatan ved Gamla Hamnkanalen.
Vänersborg cirka 1700.

Vänersborg er ein by i Sverige og administrasjonssenter i Vänersborg kommune i Västra Götalands län. Vänersborg var før 1971 eigen kommune og var før länssamanslåinga i 1998 residensby i Älvsborgs län. Vänersborg er no sete for den politiske leiinga i Västra Götalandsregionen (regionhovudstad i Västra Götalands län).

Vänersborg fekk bystatus 1. februar 1644 av Dronning Kristinas formynderregjering. Sjøfarten har alltid vore viktig i Vänersborg då staden ligg mellom den største innsjøen i Sverige, Vänern, og mot sør hamnebyen Göteborg via Göta älv. Den svenske monarken går annankvar haust på elgjakt på fjella Halleberg og Hunneberg, som ligg i Vänersborg kommunane. Denne tradisjonen går attende til Gustav Vasa si tid.[1] Staden har òg eit eventyrbad, Vattenpalatset, med 300 000 vitjande årleg.[2] Forfattaren, komponisten og trubaduren Birger Sjöberg gav Vänersborg tilnamnet Lilla Paris.

  1. Kungajaktsmuseet Älgens Berg - De kungliga jakterna, arkivert frå originalen 13. august 2010, henta 3. januar 2011 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. oktober 2008, henta 3. januar 2011 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vänersborg