Uzjhorod
Uzjhorod | |||
Ужгород | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Zakarpattja oblast | ||
Rajon | Uzjhorod kommune | ||
Høgd | 169 moh. | ||
Koordinatar | 48°37′00″N 22°18′00″E / 48.61667°N 22.30000°E | ||
Areal | 31,56 km² | ||
Folketal | 116 400 (2010) | ||
Folketettleik | 3 688 / km² | ||
Grunnlagd | 800-talet | ||
Borgarmeister | Viktor Pohorielov | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 88000 | ||
Retningsnummer | +380 312 | ||
Uzjhorod 48°37′26″N 22°17′42″E / 48.623888888889°N 22.295°E | |||
Kart som viser Uzjhorod.
| |||
Wikimedia Commons: Uzhhorod | |||
Nettstad: https://rada-uzhgorod.gov.ua |
Uzjhorod (ukrainsk Ужгород) er ein by vest i Ukraina, ved grensa til Slovakia og nær grensa til Ungarn. Han er det administrative senteret i Zakarpattja oblast (region), og i Uzjhorodskyj rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 110 000 innbyggjarar.
Byen har eit stort og viktig universitet, ein Škoda-fabrikk og eit slott. Sidan byen ligg nokre kilometer frå den slovakiske og ungarske grensa er han eit populært turistmål.
Den største folkegruppa i Uzjhorod er hovudsakleg ukrainarar, men det er òg mange etniske ungararar i byen. Ungarsk blir difor ofte brukt. Uzjhorod har ungarsk konsulat.
Før første verdskrigen tilhøyrde Uzjhorod den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. I mellomkrigstida tilhøyrde byen Tsjekkoslovakia. Ein kort periode var byen hovudstaden i Den ukrainske karpatske republikken, som vart leia av den lokale ukrainsk presten Avhustyn Volosjin. Etter Sovjetunionen sigra i andre verdskrigen tok Stalin området frå Tsjekkoslovakia og sameinte det med resten av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Uzjhorod har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dfb), nær grensa til maritimt klima (Cfb) med kjølige til kalde vintrar og varme somrar. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -1,7 °С medan den varmaste er juli med ein middeltemperatur på 20,9 °С. Den lågaste temperaturen som er målt er -28,2 °С og den høgaste temperaturen er 38,6 °С. Middelnedbøren er 748 mm i året, som er jamt fordelt utover året, sjølv om det kjem mest nedbør om sommaren.[1] I snitt får Uzjhorod 1950 soltimar i året.[2]
Vêrdata for Uzjhorod | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 13,3 | 17,2 | 25,4 | 28,6 | 31,4 | 34,1 | 38,6 | 36,5 | 34,4 | 26,1 | 21,1 | 15,6 | 38,6 |
Gjennomsnittleg maks °C | 1,3 | 3,7 | 9,8 | 16,7 | 22 | 24,6 | 26,9 | 26,6 | 21,2 | 15,4 | 8,2 | 2,7 | 14,9 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −1,7 | −0,1 | 5 | 11 | 16,1 | 18,8 | 20,9 | 20,3 | 15,5 | 10,3 | 4,7 | −0,2 | 10,1 |
Gjennomsnittleg min °C | −4,8 | −3,7 | 0,6 | 5,5 | 10,4 | 13,1 | 15 | 14,5 | 10,3 | 5,7 | 1,4 | −3 | 5,4 |
Lågast målte °C | −28,2 | −26,3 | −17,5 | −6,2 | −0,9 | 1,5 | 5,4 | 4,4 | −2,2 | −9,3 | −21,8 | −24,7 | −28,2 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 53 | 50 | 43 | 49 | 74 | 76 | 78 | 73 | 73 | 54 | 57 | 68 | 748 |
Gns. dagar med regn | 11 | 10 | 12 | 15 | 16 | 16 | 15 | 13 | 13 | 13 | 14 | 13 | 161 |
Gns. solskinstimar i månaden | 58,9 | 87,6 | 142,6 | 189 | 244,9 | 249 | 272,8 | 254,2 | 192 | 151,9 | 63 | 46,5 | 1 952,4 |
Kjelde: pogoda.ru.net[1]Hong Kong Observatory[2] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Pogoda.ru.net». Weather and Climate for Uzjhorod (på russisk). Henta April 26,2012.
- ↑ 2,0 2,1 Climatological Information for Uzjhorod i Ukraina Arkivert 2014-09-10 ved Wayback Machine. - Hong Kong Observatory, accessed 29. september 2012
- Denne artikkelen bygger på «Uzjhorod» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2012.