Unser Song für Malmö
Unser Song für Malmö (USfM, tysk for Vår song for Malmö) er ei tysk musikktevling som vart arrangert 14. februar 2013. Vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.
23. november 2012 annonserte Norddeutscher Rundfunk (NDR) at tevlinga ville finne stad i TUI Arena i Hannover 14. februar 2013. Som tidlegare år ville finalen verte produsert i samarbeid med Brainpool, som òg produserte Eurovision Song Contest i 2011 og 2012, og samarbeidet med ProSieben vart dimed avslutta.[1][2]
Tolv bidrag varta valde ut for å tevle i finalen. Utveljinga vart gjort av ein ekspertjury sett saman av sju personar frå NDR, Brainpool og store plateselskap.[3] Elleve av dei tolv bidraga vart offentleggjort 12. desember 2012.[4]
Vinnaren vart vald ut ved ein tredelt røysteprosedyre. I vekene før finalen vart bidraga kringkasta på ni ulike Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland-radiokanalar og lyttarane har høve til å røyste på deira favoritt via Internett. Under sjølve tevlinga hadde ein høve til å røysta via telefon og SMS, og ein jury sett saman av fem musikk- og underhaldningsekspertar ville òg røyste. Kvar av dei tre delane av røystinga talde like mykje.[3] Gruppa Cascada vann med songen «Glorious».
Artist | Song |
---|---|
Ben Ivory | «The Righteous Ones» |
Betty Dittrich | «Lalala» |
Blitzkids mvt. | «Heart On The Line» |
Cascada | «Glorious» |
Finn Martin | «Change» |
LaBrassBanda | «Nackert» |
Mobilée | «Little Sister» |
Nica & Joe | «Elevated» |
Die Priester og Mojca Erdmann | «Ave Maris Stella» |
Saint Lu | «Craving» |
Söhne Mannheims | «One Love» |
Mia Diekow | «Lieblingslied» |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Germany in the Eurovision Song Contest 2013» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2012.
- «Offisiell Eurovision-side» (på tysk). Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland/Norddeutscher Rundfunk. Henta 17. desember 2012.
- «Germany picks last contestant» (på engelsk). Eurovision.tv. 21. desember 2012. Henta 27. desember 2012.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «BRAINPOOL is co-producer of the German qualifying competition for the 2013 Eurovision Song Contest 2013 in Malmö». Brainpool TV (på engelsk). 23. november 2012. Henta 17. desember 2012.
- ↑ «NDR und ProSieben trennen sich». RP-online (på engelsk). 14. september 2012. Henta 17. desember 2012.
- ↑ 3,0 3,1 Marco Brey (17. desember 2012). «Germany: "Unser Song für Malmö" launched». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Henta 17. desember 2012.
- ↑ Marco Brey (17. desember 2012). «Germany: National final acts announced!». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Henta 17. desember 2012.