Hopp til innhald

Un banc, un arbre, une rue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Un banc, un arbre, une rue»
Song av Séverine

Land Frankrike, Monaco
Språk Fransk
Utgjeve 1971
Sjanger Chanson, ballade
Lengd 02:57
Selskap Philips[1]
Komponist Jean-Pierre Bourtayre
Tekstforfattar Yves Dessca
Låtskrivar(ar) Jean-Pierre Bourtayre og Yves Dessca

«Un banc, un arbre, une rue» (norsk omsetjing ‘ein benk, eit tre, ei gate’) er ein franskspråkleg popballade som vann Eurovision Song Contest 1971 for Monaco. Songen blei sungen av Séverine, og melodien er komponert av Jean-Pierre Bourtayre, medan Yves Dessca skreiv teksta. Dette var den fyrste og einaste sigeren til Monaco i konkurransen, og songen fekk ein monaleg kommersiell suksess i Europa etter konkurransen.[2]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

Den monegaskiske kringkastaren TMC handplukka songaren Séverine til å representere landet i Eurovision Song Contest 1971 i Dublin laurdag 3. april. Sjølv om songen representerte Monaco, var det eit heil-fransk lag som stod bak; både Séverine og dei to låtskrivarane var franske. Séverine hevda også at ho ikkje eingong hadde sett sine føter i Monaco, noko som ikkje stemmer. Ho var nemleg i Monte Carlo for å spele inn førehandsvideoen til songen.[3]

I Eurovision Song Contest var «Un banc, un arbre, une rue» det tredje bidraget ut på scena av 18 bidrag. Songen er en chanson-inspirert popballade. Med seg på scena hadde Séverine fire mannlege støttevokalistar som nynna melodien medan Séverine song versa. Før konkurransen hadde songen blitt nemnd som ein mogleg vinnar, og under avrøystinga kom Monaco sterkt mot slutten og vann med 128 poeng.[4] «Un banc, un arbre, une rue» fekk full pott frå den norske juryen.[5]

«Un banc, un arbre, une rue» fekk stor kommersiell suksess i Europa, og Séverine spelte inn songen på fleire språk, blant anna ein engelsk versjon, «Chance in Time». Songen gjekk inn på hitlistene i ei rekkje land og nådde ein andreplass i Noreg. I Storbritannia nådde han ein niandeplass på den britiske singellista, noko som var uvanleg for ein franskspråkleg song.[6]

Ei rekkje artistar spelte også inn eigne versjonar av låten, blant anna svenske Siw Malmkvist («På en gammal bänk»), danske Birthe Kjær («Træet på min barndoms vej»), tyske Marianne Rosenberg («Mach die Augen zu») og finske Arja Koriseva («Penkki, puu ja puistotie»).[7]

Norsk versjon

[endre | endre wikiteksten]

Også i Noreg blei «Un banc, un arbre, une rue» laga i ein norsk versjon, «På en gammel benk», framført av Kirsti Sparboe.[8]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1971) Høgaste
plassering
 Belgia, Flandern (Ultratop)[9] 3
 Frankrike (IFOP)[10] 4
 Irland (Irish Singles Chart)[11] 3
 Nederland (Top 30)[12] 13
 Nederland (Veronica Top 40)[13] 15
 Noreg (VG-lista)[14] 2
 Sveits (Schweizer Hitparade)[15] 5
 Sverige (Kvällstoppen)[16] 1
 Storbritannia (UK Singles Chart)[6] 9
 Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[7] 23
  1. «Severine ‎– Un Banc, Un Arbre, Une Rue». discogs.com. Henta 10. februar 2017. 
  2. Glen Webb (3. april 2011). «40 years ago today – Séverine brings Monaco their sole victory». eurovision.tv. Henta 10. februar 2017. 
  3. JJS1990 (21. januar 2016). «List of the Top Microstates at Eurovision – Who is the Biggest of the Smallest?». Eurovision Ireland. Henta 10. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 1971». eurovision.tv. Henta 10. februar 2017. 
  5. «Eurovision Song Contest 1971 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 10. februar 2017. 
  6. 6,0 6,1 «Séverine – Un banc, un arbre, une rue». Official Charts Company. Henta 10. februar 2017. 
  7. 7,0 7,1 «Séverine – Un banc, un arbre, une rue (skriv 'un banc' i søkefeltet)». Offizielle Deutsche Charts. Henta 10. februar 2017. 
  8. «Kirsti Sparboe ‎– På en gammel benk / Sim-sala-bim». discogs.com. Henta 10. februar 2017. 
  9. «Séverine - Un banc, un arbre, une rue». ultratop.be. Henta 10. februar 2017. 
  10. http://www.infodisc.fr/Bilan_M.php Arkivert 27. januar 2012 på Wayback Machine. Velg «Severine» fra rullemenyen og trykk OK.
  11. «The Irish Charts (søkbar database)». The Irish Charts. Henta 10. februar 2017. 
  12. Hung, Steffen. «Dutch Charts - dutchcharts.nl». dutchcharts.nl. Henta 10. februar 2017. 
  13. Top 40, Stichting Nederlandse. «Severine - Un Banc, Un Arbre, Une Rue». Top40.nl (på nederlandsk). Henta 9. desember 2018. 
  14. «VG-lista for 'Un banc, un arbre, un rue'». VG Nett. Henta 10. februar 2017. 
  15. Hung, Steffen. «Séverine - Un banc, un arbre, une rue - swisscharts.com». swisscharts.com. Henta 10. februar 2017. 
  16. «Scannede lister av Kvällstoppen 1969–1972 (pdf)» (PDF). Hits aller tijden. Henta 18. februar 2017.