Torstenson-krigen
Torstenson-krigen | |||||
---|---|---|---|---|---|
Del av Trettiårskrigen | |||||
Sjøslaget ved Femern der den svensk-nederlandske flåten senka alle danske skip unntatt to. | |||||
| |||||
Partar | |||||
Sverige | Det tysk-romerske riket | ||||
Kommandantar | |||||
Lennart Torstenson (hovudarméen) Gustaf Horn (Skåne) Carl Gustaf Wrangel (flåten) Maerten Thijssen (flottan) |
Kristian IV (overbefalshavar, flåten) Hannibal Sehested (Jämtland) Anders Bille (hovudarméen) Ebbe Ulfeldt (Skåne) Matthias Gallas (forsterkingar) | ||||
Styrkar | |||||
14 000 man i hæren til Torstenson 10 600 mann i hæren til Horns Totalt: 24 600 man |
26 000 danskar 6 000 frå det tysk-romerske riket Totalt: 32 000 man |
Torstenson-krigen eller Hannibalfeiden var ein krig mellom Danmark-Noreg og Sverige i åra 1643–1645.
Svenskane stod med store styrkar i Tyskland på grunn av Trettiårskrigen, og Christian IV blanda seg inn ved å intrigere mot svenskane. Svenskane gjennomføre difor eit overraskingsåtak på Danmark 12. desember 1643. Den svenske generalen Torstensson gjekk inn i Jylland frå Nord-Tyskland. Ei anna styrke gjekk til åtak mot Sjælland frå Pommern, medan ei tredje styrke, på 11 000 menn, gjekk til åtak mot Skåne.
I 1644 sende Christian IV ein sjøstyrke mot Kiel, og mista auget sitt i sjøslaget som stod i juli. Same år tok svenskane Helsingborg, Lund og Landskrona. Dei åtaka ikkje Malmö på grunn av den sterke festninga der.
I Noreg fekk den danske statthaldar Hannibal Sehested løyve til å byggje ut hæren. På rekordtid organiserte og øvde han opp ein hær. Han delte distrikta opp i legder, som plikta å stille soldat med utstyr. I løpet av kort tid var hæren på 10 000 menn, der 8 000 var bondesoldatar. Sehested si oppgåve var å lette på presset på Danmark, ved å åtake svenskane i Dalsland og Värmland, pluss Göteborg. Det vart med nokre korte raid, før svenskane gjekk inn i norske Bohuslän på slutten av krigen.
Ved freden i Brömsebro mista Danmark-Noreg øyene Gotland og Ösel, og dessutan Jämtland, Härjedalen og Idre og Särna.