Tokyo Tower
Tokyo Tower | |||
| |||
Arkitekt | Tachū Naitō | ||
---|---|---|---|
Opna | 23. desember 1958 | ||
Tokyo Tower 35°39′31″N 139°44′44″E / 35.658611111111°N 139.74555555556°E |
Tokyo Tower (japansk 東京タワー, Tōkyō tawā) er eit 332,6 meter høgt tårn i Minato-ku i Tokyo. Tårnet, som er basert på Eiffeltårnet i Paris,[1] er det nest høgaste byggverket i Tokyo. Det var den høgaste bygningen i Japan til april 2010, då det blei overgått av Tokyo Skytree.[2]
Då den 90 meter lange antenna blei festa på tårnet 14. oktober 1958 var Tokyo Tower det høgaste tårnet i verda. Sjølv om det er høgare enn Eiffeltårnet veg Tokyo Tower berre kring 4000 tonn, 3300 tonn mindre enn Eiffeltårnet.[3] Tårnet opna for allmugen 23. desember 1958.
I fyrste etasje er eit akvarium med 50 000 fiskar, i tredje etasje ligg eit voksmuseum, medan den fjerde etasjen husar eit illusjonsgalleri. Det er også to observasjondekk: det fyrste ligg 150 meter over bakken, det andre 250 meter.[4] Begge dekka gir eit 360 graders overblikk over byen, og på klare dagar kan ein til og med sjå Fuji-fjellet.[5][6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tokyo Tower - 🗼 The Japanese Eiffel Tower», www.kanpai-japan.com (på engelsk), henta 28. november 2023
- ↑ «Tokyo Tower 東京タワー». SkyscraperPage. Henta 29. mars 2008.
- ↑ «Tokyo Tower Data». Nippon Television City Corporation. Arkivert frå originalen 30. april 2008. Henta 29. mars 2008.
- ↑ «TOWERPEDIA | TokyoTower». www.tokyotower.co.jp. Henta 4. januar 2020.
- ↑ «3 Mount Fuji Observation Spots in Tokyo». Japan Info (på engelsk). Henta 4. januar 2020.
- ↑ «Tokyo Tower vs. Super Tower: Crossed Signals?» (PDF). Colliers International. Oktober 2005. Arkivert frå originalen (PDF) 12. juni 2009. Henta 21. januar 2009.