Thoothukudi
Thoothukudi tamil தூத்துக்குடி | |
---|---|
Hamna i Tuticorin fotografert av William Henry Jackson i 1895. | |
Styresmakter | |
Land Delstat Distrikt |
India Tamil Nadu Thoothukudi |
Geografi | |
Flatevidd - By |
4 621 km² |
Innbyggjarar - By (1991) - Storbyområde |
199 854 280 091 |
Tidssone | IST (UTC+5:30) |
Diverse anna | |
Postnummer | 628xxx |
Telefon-retningsnummer | +91 (0)461 |
Bilnummer | TN 69 |
Thoothukudi, tidlegare kjend som Tuticorin, er hovudstaden i Thoothukudi-distriktet i den indiske delstaten Tamil Nadu og hamneby langs Koromandelkysten, ved Mannarbukta i Indiahavet. Han har også vore ein viktig stad for perlefisking og skipsbygging, og har tilnamnet Perlebyen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Historia til Thoothukkudi går tilbake til 500-talet f.Kr. Han var hamnebyen til Pandyariket. Portugisarane tok makta i 1548, og byen voks. Nederlendarane tok over i 1658, og britane i 1825.
Byen blei senter for den indiske frigjeringsrørsla tidleg på 1900-talet som samlingsstad for leiarar som Subramanya Bharathy, Kattabomman og V.O. Chidambaram Pillai. I 1906 sjøsette den sistnemnde, saman med Bal Gangadhar Tilak, det første swadeshi-skipet herfrå. Indisk skipsfart var sterkt regulert av britane, og utviklinga av eigen handel var viktig for frigjeringsrørsla.
Hamn
[endre | endre wikiteksten]Thoothukudi har lenge virka som hamn for den sørlege delen av Tamil Nadu, mellom anna byane Coimbatore, Madurai og Tirunelveli.
Ei ny kontainerhamn opna i 1974 var den tredje største i India (etter Mumbai og Chennai). Nye Thoothukud hamn ligg 8 km søraust for den gamle hamna og kan ta imot skip som stikk 8,2 meter. Av alle hamner i India er Thoothukkudi den tiande største. Ho står for 7 % av all kontainertransport i India.
Det går òg ei ferje frå byen til Colombo på Sri Lanka.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstaden for hamna i Thoothukkudi Arkivert 2008-07-31 ved Wayback Machine.
- Siste nytt frå Thoothukkudi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .