The Electric Light Orchestra av Electric Light Orchestra
The Electric Light Orchestra Studioalbum av Electric Light Orchestra | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1971 | |
Innspelt | Juli 1970 – juni 1971 | |
Sjanger | Kunstrock, symfonisk rock, cellorock, barokk rock, progressiv rock | |
Lengd | 41:30 | |
Selskap | Harvest (UK) United Artists (US) | |
Produsent | Roy Wood, Jeff Lynne | |
Electric Light Orchestra-kronologi | ||
---|---|---|
The Electric Light Orchestra | ELO 2 (1973) | |
Singlar frå The Electric Light Orchestra | ||
|
The Electric Light Orchestra er debutalbumet til det engelske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i desember 1971. I USA vart albumet gjeve ut tidleg i 1972 som No Answer. Dette namnet kom til då sekretæren til United Artists Records ringde til ELO for å spørje om kva namnet på albumet skulle vere.[1] Sekretæren fekk ikkje svar og skreiv på ein lapp «no answer» (ingen svar) og dette vart mistolka som namnet på albumet.
Innspelinga
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart spelt inn av ein kjerne på tre med Roy Wood, Jeff Lynne og Bev Bevan, som var dei attverande medlemmane i rockegruppa The Move. The Move gav samstundes ut singlar i Storbritannia, medan dette prosjektet var i gang, men interessa for det tidlegare bandet til Wood forsvann raskt. Samanlikna med seinare ELO-plater er stilen på dette albumet unikt. Det er nytta mange blåseinstrument og gitarane er ofte erstatta av tunge, «sagande» celloriff, som gjev albumet ei eksperimentell «Baroque-and-roll»-kjensle. «The Battle of Marston Moor» er det mest barokk-influerte sporet på albumet. På dette sporet spelar Roy Wood i røynda alle instrumenta, inkludert perkusjon, fordi den faste trommeslagaren i gruppa, Bev Bevan, syns stykket var så dårleg at han nekta å spele på det.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Robert Christgau | B−[3] |
«Queen of the Hours», som vart ei B-side til «Roll Over Beethoven» frå det andre albumet til ELO, var den første ELO-songen som vart publisert, då han vart gjeven ut av Harvest Records i november 1971 på ei samling kalla The Harvest Bag med forskjellige andre artistar på Harvest.[4]
Det opphavlege plateomslaget vart designa av Hipgnosis og fotografia av bandet på baksida av omslaget, kledd i 1600-talskostyme, vart teken i Banqueting House i Whitehall, og var med på å legge vekt på den barokke stilen på plata. «Mr. Radio» var meint å vere den andre singelen frå albumet, men vart trekt attende. Den redigerte singelversjonen kom ut i 2005 på samlealbumet Harvest Showdown.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «10538 Overture» | Jeff Lynne | 5:32 |
2. | «Look at Me Now» | Roy Wood | 3:17 |
3. | «Nellie Takes Her Bow» | Lynne | 5:59 |
4. | «The Battle of Marston Moor (July 2nd 1644)» | Wood | 6:03 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «First Movement (Jumping Biz)» | Wood | 3:00 |
6. | «Mr. Radio» | Lynne | 5:04 |
7. | «Manhattan Rumble (49th Street Massacre)» | Lynne | 4:22 |
8. | «Queen of the Hours» | Lynne | 3:22 |
9. | «Whisper in the Night» | Wood | 4:50 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Battle of Marston Moor» (Alternate take) | 1:00 |
11. | «Nellie Takes Her Bow» (Alternate Mix) | 6:02 |
12. | «Mr. Radio» (Take 9) | 5:19 |
13. | «10538 Overture» | 5:46 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «10538 Overture» (Acetate Version) | 5:23 |
11. | «Mr. Radio» (Take 9 frå 18 November 1970) | 5:18 |
12. | «Nellie Takes Her Bow» (Alternate Mix) | 6:02 |
13. | «Whisper in the Night» (Take 1/Take 2 Edit) | 4:59 |
14. | «Mr. Radio» (Single Edit) | 3:56 |
15. | «10538 Overture» (For Top of the Pops) | 4:42 |
The Electric Light Orchestra (First Light Series)
[endre | endre wikiteksten]The Electric Light Orchestra (First Light Series) Studioalbum av Electric Light Orchestra | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | (First Light Series) 30th Anniversary Edition 2001 | |
Innspelt | Juli 1970 – juni 1972 | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock, symfonisk rock, barokk rock | |
Lengd | 2 490 sekund | |
Selskap | Harvest, EMI | |
Produsent | Roy Wood, Jeff Lynne | |
Electric Light Orchestra-kronologi | ||
---|---|---|
Zoom (2001) |
The Electric Light Orchestra (First Light Series) |
ELO 2 (First Light Series) (2003)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Artistdirect.com | [5] |
The Electric Light Orchestra (First Light Series) er ei dobbelplateutgåve gjeve ut i høve 30-årsjubileumet til plata.
Det kom ut i 2001 i Storbritannia. Disk ein inneheld den originale plata i tillegg til bonusspor og ein interaktiv CD-ROM. Disk to inneheld dei eldste konsertopptaka med ELO i lag med Roy Wood og cellisten Andy Craig.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «10538 Overture» | 5:32 |
2. | «Look at Me Now» | 3:17 |
3. | «Nellie Takes Her Bow» | 5:59 |
4. | «The Battle of Marston Moor (July 2nd 1644)» | 6:03 |
5. | «First Movement (Jumping Biz)» | 3:00 |
6. | «Mr. Radio» | 5:04 |
7. | «Manhattan Rumble (49th Street Massacre)» | 4:22 |
8. | «Queen of the Hours» | 3:22 |
9. | «Whisper in the Night» | 4:50 |
10. | «Battle of Marston Moor (Take 1)» | 1:00 |
11. | «10538 Overture (Take 1)» | 5:46 |
12. | «Multimedia del med interaktiv meny som førte til promofilmen 10538 Overture (mai 1972)» |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Brian Matthew Introduces ELO» | 0:37 |
2. | «10538 Overture» (Acetate version) | 5:24 |
3. | «Look at Me Now» (Quad mix) | 3:19 |
4. | «Nellie Takes Her Bow» (Quad mix) | 5:59 |
5. | «Battle of Marston Moor (July 2nd, 1644)» (Quad mix) | 5:55 |
6. | «Jeff's Boogie No 2 )» (Live) | 6:58 |
7. | «Whisper in the Night» (Live) | 5:45 |
8. | «Great Balls of Fire» (Live) | 5:40 |
9. | «Queen of the Hours» (Quad mix) | 3:18 |
10. | «Mr. Radio» (Take 9) | 5:18 |
11. | «10538 Overture» (BBC Session / (Skjult spor) Whisper in the Night (Take 1)) | 4:38 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jeff Lynne – vokal, piano, elektrisk gitar, akustisk gitar, perkusjon, bass, Moog synthesizer
- Roy Wood – vokal, cello, akustisk gitar, bass, kontrabass, obo, fagott, klarinett, blokkfløyter, slidegitar, perkusjon, bassklarinett, krumhorn
- Bev Bevan – trommer, pauker, perkusjon
- Bill Hunt – valthorn, jakthorn, piccolotrompet
- Steve Woolam – fiolin
- Andre medverkande
- Rick Price – bass på somme originale spor (fjerna og spelt inn på ny av Wood og Lynne)
- Richard Tandy – bass, klaverinstrument
- Wilfred Gibson – fiolin
- Hugh McDowell – cello
- Mike Edwards – cello
- Andy Craig – cello
Lister
[endre | endre wikiteksten]- UK – 32. plass UK Album Chart[6]
- US – 196. plass Billboard 200[7]
- AUS – 54. plass ARIA Album Chart
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Electric Light Orchestra (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Snopes.com
- ↑ Mason, Stewart. «The Electric Light Orchestra – Electric Light Orchestra : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic.
- ↑ «CG: Electric Light Orchestra». Robert Christgau.
- ↑ Porter, Robert (September 2010). «Electric Light Orchestra – Roll Over Beethoven; An In-Depth Song Analysis». Henta 12. februar 2015.
- ↑ «Electric Light Orchestra Limited Edition by Electric Light Orchestra @ ARTISTdirect.com – Shop, Listen, Download». Artistdirect.com.
- ↑ «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12 March 2013.
- ↑ «The Electric Light Orchestra – Electric Light Orchestra : Awards». AllMusic. Henta 12 March 2013.