Terry Bozzio
Terry Bozzio | |||
Terry Bozzio med Fantômas på Quartfestivalen i Noreg den 9. juli 2005. | |||
Fødd | 27. desember 1950 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Francisco | ||
Fødenamn | Terry John Bozzio | ||
Alias | Terry «Ted» Bozzio | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1972 til i dag | ||
Sjanger | Rock, jazz/fusion,[1] synthpop, klassisk, alternativ, progressiv rock | ||
Instrument | trommer, perkusjon, klaverinstrument, vokal | ||
Tilknytte artistar | Frank Zappa, UK, Missing Persons, HoBoLeMa, Jeff Beck, Fantômas, Debbie Harry | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Terry John Bozzio (fødd 27. desember 1950) er ein amerikansk trommeslagar som er mest kjend som medlem i Missing Persons og bandet til Frank Zappa.[2]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Terry Bozzio vart i San Francisco i California. Han starta seks år gammal å spele på eit heimesnekra trommesett. 13 år gammal såg han The Beatles på The Ed Sullivan Show,[2] og bad faren om å få trommmetimar.[3] I 1960-åra spelte han i garagebanda Blue Grass Radio, The Yarde og Tamalpais Jungle Mountain Boys.
I 1968 gjekk Bozzio på Sir Francis Drake High School i San Anselmo i California, der han fekk musikkstipend og gjekk seinare på College of Marin. I denne tida gjekk han i lære hos Chuck Brown på trommer og Lloyd Davis og Roland Kohloff på perkusjon og pauker. Han spelte òg i Bartok-Dahl-Cowell & Baroque kammerensemble med Marin and Napa County Symphonies.
1970-åra
[endre | endre wikiteksten]I 1972 spelte Bozzio i rockemusikalane Godspell og Walking in my Time. Han byrja òg å spele i lokale jazzgrupper i lag med Mark Isham, Peter Maunu, Patrick O'Hearn, Mike Nock, Art Lande, Azteca, Eddie Henderson, Woody Shaw, Julian Priester, Eric Gravatt, Billy Higgins, Andy Narell, Hadley Calliman, Mel Graves og Mel Martin. Han vart fast trommeslagar i Monday Night Jim Dukey Big Band i Great American Music Hall i San Francisco.
Han spelte og turnerte med Frank Zappa frå 1975, og var med på fleire album, som Zoot Allures, Zappa in New York, Sheik Yerbouti og Thing-Fish, og i konsertfilmen Baby Snakes (der han syng delar av songen «Punky's Whips»). Han er kjend for å ha spelt Zappa sin «The Black Page» (den svarte sida), eit musikkstykke som er skildra som «ein musikar sitt mareritt» med ei side som er så fylt med notar at sida var nesten svart.
I 1977 byrja han å spele med Brecker Brothers og venen og gitaristen Barry Finnerty. Med The Brecker Brothers turnerte og spelte Bozzio inn albumet Heavy Metal Be-Bop. Kort tid etter slutta hsn å spele med Zappa og vart med i Group 87 med Mark Isham, Peter Maunu, Patrick O'Hearn og Peter Wolf. Gruppa fekk platekontrakt med CBS, men Bozzio ønskte ikkje å vere med i bandet og prøvespelte for Thin Lizzy, utan hell.
Etter at Bill Bruford & Allan Holdsworth slutta i bandet UK seint i 1978, slo Bozzio seg saman med Eddie Jobson og John Wetton for å halde fram UK som ein trio. Trioen spelte inn Danger Money og Night After Night og turnerte to gonger i USA (som oppvarming for Jethro Tull), og i Europa og Japan.
1980-åra
[endre | endre wikiteksten]Etter at UK vart oppløyst tidleg i 1980, danna Bozzio, den tidlegare Zappa-gitaristen Warren Cuccurullo go den dåverande kona og vokalisten Dale Bozzio bandet Missing Persons. Missing Persons gav ut albuma Spring Session M (som selde til gullplate), Rhyme & Reason og Color in Your Life.
Missing Persons vart oppløyst i 1986 og Bozzio vart med i den tidlegare Duran Duran-gitaristen Andy Taylor sitt band. Han spelte òg med Robbie Robertson, Gary Wright, Don Dokken, XYZ, Paul Hyde, Herbie Hancock, Dweezil Zappa og Richard Marx. På denne tida byrja han å turnere som solotrommeslagar og spelte inn Solo Drums. Bozzio spelte òg med Mick Jagger og Jeff Beck for vidoen Throwaway, og slo seg saman med Beck & klaverspelaren Tony Hymas for å skrive og produsere det prisvinnande albumet Jeff Beck's Guitar Shop.
I 1988 gifta Bozzio seg med Ev Kvamme. Dei fekk ein son i lag.
1990-åra
[endre | endre wikiteksten]I 1990–1995 utvikla Terry ostinato-baserte trommesolokomposisjonar og spelte inn den andre instruksjonsvideoen sin Melodic Drumming og Ostinato Volumes 1, 2, og 3, i tillegg til Solo Drum Music Volumes 1 & 2. Han spelte òg med Tony Hymas, Tony Coe og Hugh Burns i bandet Lonely Bears og spelte inn The Lonely Bears, Injustice, og The Bears are Running, medan han budde i Paris i Frankrike. Han danna òg bandet Polytown med David Torn og Mick Karn.
Frå 1995 til 2002 turnerte Bozzio i USA, Australia, Canada & Europa som solotrommis, og spelte inn to soloplater: Drawing the Circle og Chamberworks. Med bassisten og Chapman Stick-spelaren Tony Levin og gitaristen Steve Stevens, danna han gruppa Bozzio Levin Stevens, som gav ut to album i 1997 og 2000.
2000-åra
[endre | endre wikiteksten]I 2001 slo han seg saman med Chad Wackerman for å lage videoen Duets og plata Alternative Duets. Bozzio vart innlemma i Modern Drummer «Hall of Fame» og vann Clinician of the Year-prisen til Drum Magazine og årets trommeslagarprisen frå sama magasin.
Bozzio arbeidde med nu-metal-bandet Korn på det åttande studioalbumet deira, etter at trommeslagaren David Silveria slutta. Han skulel turnere med dei, men slutta og vart erstatta av Joey Jordison frå Slipknot og seinare Ray Luzier.
Sidan november 2008 har Bozzio turnert med gitaristen Allan Holdsworth, bassist Tony Levin og trommeslagaren Pat Mastelotto som den eksperimentelle supergruppa HoBoLeMa.
UK vart gjenforeint i 2010 med John Wetton, Eddie Jobson og Terry Bozzio.[4]
Utvald diskografi
[endre | endre wikiteksten]Solo
[endre | endre wikiteksten]- Solo Drum Music I (1992)
- Solo Drum Music II (1992)
- Drawing The Circle (1998)
- Chamber Works (1998)
- Solos & Duets (med Chad Wackerman) (2001)
- Nine Short Films (med Billy Sheehan) (2002)
- Chamber Works (2005, med Metropole Orchestra)
- Prime Cuts (2005)
- Four From Ten Twenty Nine (2008)
- Seven Nights in Japan (2008)
Frank Zappa
[endre | endre wikiteksten]- Bongo Fury (oktober 1975), US No. 66
- Zoot Allures (oktober 1976), US No. 71
- Zappa in New York (mars 1977), US No. 57
- Studio Tan (1978)
- Sleep Dirt (januar 1979), US No. 175
- Sheik Yerbouti (mars 1979), US No. 21
- Joe's Garage (september 1979), US No. 27 (berre vokal)
- Orchestral Favorites (1979)
- Shut Up 'n Play Yer gitar (mai 1981)
- Baby Snakes (mars 1983)
- Thing-Fish (november 1984)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1 (mai 1988)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3 (november 1989)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4 (juli 1991)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 5 (juli 1992)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6 (juli 1992)
- Läther (september 1996)
- Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute (oktober 1996)
- The Lost Episodes (1996)
- FZ:OZ (august 2002)
- QuAUDIOPHILIAc (september 2004)
- Trance-Fusion (oktober 2006)
- One Shot Deal (juni 2008)
- Joe's Menage (oktober 2008)
- Philly '76 (desember 2009)
Missing Persons
[endre | endre wikiteksten]- Missing Persons EP (1980) No. 46 US
- Spring Session M (1982) No. 17 US
- Rhyme & Reason (1984) No. 43 US
- Color in Your Life (1986) No. 88 US
- Late Nights Early Days (1999)
- Lost Tracks (2002)
UK
[endre | endre wikiteksten]- Danger Money (1979) (Replaced Bill Bruford)
- Night After Night (1979, Live)
Dweezil Zappa
[endre | endre wikiteksten]- Back to the Beach Soundtrack (Wipe Out) med Herbie Hancock (1987)
- My Guitar Wants to Kill Your Mama (1988)
- Shampoohorn (1994)
- Automatic (2000)
Andre
[endre | endre wikiteksten]- Born To Love You Luis Gasca (1974)
- Eye of the Beholder Ray Baretto (1977)
- Deceptive Bends 10cc (1977)
- Heavy Metal Be-Bop Brecker Brothers (1978)
- Group 87 Group 87 (1980)
- Andy Taylor Andy Taylor (1986)
- Robbie Robertson Robbie Robertson (1987)
- Castalia Mark Isham (1988)
- Rivers Gonna Rise Patrick O'Hearn (1988)
- Who I Am Gary Wright (1988)
- Def, Dumb and Blonde Deborah Harry (1989)
- El Dorado Patrick O'Hearn (1989)
- How Long Michael Thompson (1989)
- Jeff Beck's gitar Shop Jeff Beck & Tony Hymas (1989)
- Twins Soundtrack Jeff Beck (1989)
- Girlfriend from Hell Jorgenson (1990)
- Mark Isham Mark Isham (1990)
- Up From The Ashes Dokken (1990)
- Beckology Jeff Beck (1991)
- In Your Face Earl Slick (1991)
- Rush Street Richard Marx (1991)
- Retrograde Planet Zazen (1992)
- Vol. Pour Sydney Lonely Bears (1992)
- White Sands Soundtrack Patrick O'Hearn
- Sex and Religion Steve Vai (1993)
- Big Bang: In the Beginning Was a Drum Compilation (1994)
- Hide Your Face hide (1994)
- Polytown Polytown (1994)
- First Signs of Life Gary Wright (1995)
- Thank You Duran Duran (1995)
- Trust Patrick O'Hearn (1995)
- Black Light Syndrome Bozzio Levin Stevens (1997)
- Dream Castles Sly (1997)
- Something With a Pulse Mark Craney & Friends (1997)
- Age of Impact Explorer's Club (1998)
- Best of the Lonely Bears Lonely Bears (1998)
- Proof: The Very Best of the Knack The Knack (1998)
- Zoom The Knack (1998)
- Lonely Bears Lonely Bears (1999)
- Injustice Lonely Bears (2000)
- Situation Dangerous Bozzio Levin Stevens (2000)
- The Bears are Running Lonely Bears (2000)
- Compression Billy Sheehan (2001)
- Feeding The Wheel Jordan Rudess (2001)
- XYZ XYZ (2001)
- Big Delta Omar & The Howlers (2002)
- Delete & Roll Bozzio Preinfalk & Machacek (2002)
- Queen of the Damned Soundtrack Jonathan Davis, Richard Gibbs (2002)
- Raising The Mammoth The Explorers Club (2002)
- Bozzio - Mastelotto med Pat Mastelotto (2003)
- Alamo Soundtrack Carter Burwell (2004)
- Boogie Man Omar & The Howlers (2004)
- Drum Nation, Vol. 1 Various Artists (2004)
- Two Sides of If Vivian Campbell (2005)
- Sic Alex Machacek (2006)
- Untitled Korn (2007)
- Live with the Tosca Strings DVD (2008)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Group 87 CD Album». Cduniverse.com. 21. november 2000. Henta 11. juni 2014.
- ↑ 2,0 2,1 Prato, Greg (27. desember 1950). «Terry Bozzio». AllMusic. Henta 11. juni 2014.
- ↑ «Drummerworld Bio». Drummerworld.com. Henta 11. juni 2014.[daud lenkje]
- ↑ «UK reunion 2012». Arkivert frå originalen 16. juli 2012. Henta 12. juli 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Terry Bozzio» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «The Drum Gods - 25 Legendary Talents Who Changed Drumming» / Modern Drummer Publications[daud lenkje] (Terry Bozzio is one of the 25 trommeslagarens profiled)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Terry Bozzio – Offisiell nettstad
- Terry Bozzio på Drum Channel Arkivert 2009-07-21 ved Wayback Machine.
- Terry Bozzio : Sabian Cymbals - Artist Set-up Arkivert 2007-10-16 ved Wayback Machine.