Tell All the People
Utsjånad
Tell All the People Singel av The Doors frå albumet The Soft Parade | ||
B-side |
«Easy Ride» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1969 | |
Innspelt | Tidleg 1969 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:24 | |
Selskap | Elektra | |
Tekstforfattar | Robby Krieger | |
Låtskrivar(ar) | Robby Krieger | |
Produsent | Paul Rothchild | |
The Doors-kronologi | ||
«Wishful Sinful» (1969) |
Tell All the People | «Runnin' Blue» (1969)
|
«Tell All the People» var den tredje singelen frå The Doors-albumet The Soft Parade i 1969. Songen er òg kjend som «Follow Me Down», sidan det er den mest nytta setninga i songen. Han vart gjeven ut med «Easy Ride» som B-side og nådde 57. plass på den amerikanske singellista.
«Tell All the People» var skriven av gitarist Robby Krieger, og det var på grunn av denne songen at låtskrivar-tilskrivinga på Soft Parade vart gjeven til individuelle bandmedlem, og ikkje til heile bandet slik som tidlegare. Jim Morrison ønskte ikkje at nokon skulle tru at han hadde skrive teksten til «Tell All the People», sidan teksten oppfordrar folk til å finne fram våpna sine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tell All the People» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2011.