Tannpleie
Utsjånad
Tannpleie eller tannrøkt viser til det å ta vare på sine eigne eller andre sine tenner, til dømes ved å førebygga karies, periodontitt, tannkjøtbetennelse og andre plager. Andre funksjonar kan vera å reparera skader, retta opp eller forbetra tannstilling og pussa eller bleika tenner. Ein sjølv kan passa på tennene sine ved å reinska dei med til dømes tannkost, tannkrem, tannstikker, tanntråd og munnskyllevatn. Profesjonelle som driv med tannpleie er mellom anna tannlege, tannsjukepleiar og tannhygienikar. Det medisinske fagfeltet heiter odontologi.
Estetisk tannpleie
[endre | endre wikiteksten]Estetisk tannpleie har som hovudmål å forbetra utsjånaden på tennene. Døme på slik tannpleie er tannbleiking, porselensfasader, kroner og tannregulering.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dentistry» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2010.
- «estetisk tannpleie» i Store norske leksikon, snl.no.