Hopp til innhald

Taibe i Galilea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taibe
لطيبة, טַּיִּבָּה
landsby
Taibe, 2010
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Gilboa regionale kommune
Koordinatar 32°36′N 35°26′E / 32.600°N 35.433°E / 32.600; 35.433
Folketal 1 865 (2019)[1]
Kart
Taibe i Galilea
32°36′00″N 35°26′00″E / 32.6°N 35.433333333333°E / 32.6; 35.433333333333
Kart som viser Taibe i Galilea.
Kart som viser Taibe i Galilea.
Kart som viser Taibe i Galilea.
Wikimedia Commons: Taibe, Galilee

Taibe (arabisk الطيبة, hebraisk טַּיִּבָּה), som tyder «den staslege»,[2] is an arabisk muslimsk landsby nordaust i Israel. Han ligg i Jezreeldalen og høyrer til Gilboa regionale kommune. In 2008 hadde han eit folketal på 2 000.[3]

Taibe landsby

Det er føreslått at Taibe var Tubi, som var nemnt mellom stadane som betalte skatt til Thutmose III.[4] Det er funne spor frå hellenistisk, romersk, bysantinsk, krosstog- og mamelukktida.[5][6]

Under krosstoga låg det ei borg her kalla Forbelet.[7] Ho høyrte truleg til Maltesarordenen og låg under den nærliggande Belvoirborga.[7] Borga vart plyndra av Saladin i 1183, og okkupert av muslimane som tok Belvoir i 1187-88.[7] Delar av borga står framleis.[5] Nyare utgravingar indikerer at byare byggverk vart bygd langs sida av den delvis øydelagd krossfararborga i mamelukktida og osmansk tid.[8]

I 1596 var landsbyen oppført i osmanske skattelister som Tayyibat al-Ism i Shafa nahiya i Lajjun liwa. Han hadde eit folketal på 13 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, and geiter eller bikubar.[9]

Taibe landsbymoské.

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og skildra han som fattig, men tidlegare ein viktig by.[10] I «Survey of Western Palestina» mot slutten av 1800-talet, vart Taibe skildra som: «Ein einsam landsby, mellomstor, på eit flattområde, med fleire gode steinhsu. Det står eit hus midt i landsbyen som høyrer til sjeiken, som er større enn resten.»[4]

I ei folketeljing i 1922 utført av Det britiske mandatet styresmaktene, hadde Taibeh eit folketal på 220, alle muslimar,[11] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 43 busette hus og eit folketal på 186 muslimar.[12]

I 1945 hadde Taibe eit folketal på 280 arabarar (medrekna 150 jødar i Modelet) på 7 127 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[13] Av dette var 7 103 dekar nytta for korn,[14] medan 22 dekar vart utbygd land.[15]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/northern/yizreel/0497__tayibe_baemeq_/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003086.
  2. Palmer, 1881, s.167
  3. «Galilean Arabs paint mosque blue and white for Israel's 60th». Haaretz. 12. januar 2011. Henta 27. november 2011. 
  4. 4,0 4,1 Conder & Kitchener, 1882, SWP, II, s. 87
  5. 5,0 5,1 Covello-Paran, Karen and Yotam Tepper (24/8/2008): Et-Taiyiba Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.120
  6. Yotam Tepper (16/4/2012): E-Taiyiba, Survey Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.124
  7. 7,0 7,1 7,2 Pringle, 1997, s.104
  8. Fadi Abu Zidan 1/5/2011: Et-Taiyiba Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine. , Hadashot Arkheologiyot, no.123
  9. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 157. 
  10. Guérin, 1880, s. 126–127 som omsett av Conder & Kitchner, 1882, s. 126 -127
  11. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, Underdistrikt of Baisan. 
  12. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 81. 
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 44
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 85
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 135

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]