Tõnismägi
59°25′52.41″N 24°44′23.49″E / 59.4312250°N 24.7398583°E
Tõnismägi | |||
ås | |||
Land | Estland | ||
---|---|---|---|
Del av | Keskkõrgendik | ||
Tõnismägi 59°25′46″N 24°44′21″E / 59.429519444444°N 24.739258333333°E |
Tõnismägi eller (Sankt) Anton-bakken, også kjent som Tonismagi i internasjonal presse, er ein 36 meter høg bakketopp rett ved Toompea i Tallinn i Estland. Frå 1945 til 1996 vart den sentrale delen av bakketoppen kalla «Frigjerarane sin plass» (estisk Vabastajate väljak).[1] Plassen vart internasjonalt kjend i 2007 då dei estiske styresmaktene flytta eit sovjetisk minnesmerke kjent som Bronsesoldaten i Tallinn.[2][3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tõnismägi er første gong nemnt i eit dokument frå 1348, då bystyret i Tallinn gav området til den liviske Sverdbroderordenen.[4]
Før 1348 var det bygd ei kyrkje for Sankt Anton på bakketoppen, og ein gravstad. Kyrkja og gravstaden vart truleg øydelagde rundt 1570-1571, under den liviske krigen.[4] Etter den liviske krigen vart det bygd fleire gater i området.
I 1670 vart den første Kaarli-kyrkja bygd der, oppkalla etter den svenske kongen Karl XI. Denne trekyrkja var for esterane og dei lokale finnane. Kyrkja brann under den store nordiske krigen i august 1710.[4] Her vart bygd ei kyrkje nummer 2 på 1800-talet, men denne vart riven då den tredje Kaarli-kyrkja vart bygd i 1870.
Bronsesoldaten i Tallinn
[endre | endre wikiteksten]Den 25. september 1944 vart leivningane av to sovjetiske soldatar gravlagde på bakketoppen. Fleire leivningar vart gravlagde i april 1945.[5] Etter gravlegginga av soldatane frå den raude armeen på Tõnismägi fekk plassen namnet Frigjerarane sin plass den 12. juni 1945. Eit monument vart bestilt frå arkitekten Arnold Alas og avduka den 22. september 1947, dem sentralen delen var ei bronsestatue laga av bilethoggaren Enn Roos. I 1964 kom her i evigvarande flamme i tillegg.[5] I april 2007 vart bronsestatuen flytta frå Tõnismägi til gravstaden for det estiske forsvaret, og ein starta arbeide med å skulle flytte gravene.[2][3]
Paul Keres
[endre | endre wikiteksten]Ei statue til minne om sjakkspelaren Paul Keres står også her - «den beste sjakkspelaren som aldri vart verdsmeister».
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tallinna Linnavalitsuse määrus nr. 26, 12.04.1996
- ↑ 2,0 2,1 Estonia begins work to re-locate controversial statue
- ↑ 3,0 3,1 Relocated Bronze Soldier to be unveiled May 8
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Kirikud, kabelid ja kalmistud Tõnismäel. Robert Nerman, arkivert frå originalen 20. juli 2011, henta 5. september 2009
- ↑ 5,0 5,1 Common grave for and a memorial to Red Army soldiers on Tõnismägi, Tallinn. Historical statement (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 14. juni 2007, henta 5. september 2009
- Denne artikkelen bygger på «Tõnismägi» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2009.