Hopp til innhald

Synkretisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nær Delhi i India har bahaiane reist eit tempel forma som lotus. Blomen er eit viktig symbol i fleire indiske religionar.

Ein synkretistisk religion, eller sett av religiøse førestillingar, har tatt opp i seg element av fleire frittståande religionar eller tradisjonar.

Dei fleste religionar har tatt opp i seg noko frå andre religionar, men nokre ber meir preg av synkretisme enn andre. Bahai og sikhismen er døme på store religionar som ofte blir kalla synkretistiske.