Svanemerket
Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket. Det blei skipa av Nordisk Ministerråd i 1989. Symbolet for merket er rundt med ei kvit svane med fire vengefjører mot ein grøn bakgrunn. Det blei laga av den finske kunstnaren Kyösti Varis og symboliserer samarbeidet mellom dei nordiske landa. Dei fire fjørene står for Sverige, Noreg, Finland og Island. Danmark kom med i ordninga i 1992.
Ei vare eller teneste som er svanemerka har gjennomgått ei objektiv miljøvurdering. For å kunna få svanemerket må heile livsløpet til produktet eller tenesta vera så miljøtilpassa som mogleg gjennom heile livsløpet, frå råvare til produksjon via bruk og til avfallshandtering. Svanemerket stiller strenge krav til energieffektivitet, materiale, kjemikaliar og til god haldbarheit.
I Noreg blei Stiftelsen Miljømerking oppretta av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet for å forvalta merket.
I ISO-terminologi er Svanemerket «miljømerking, type 1, ISO 14024». Dette betyr at Svanemerket er frivillig, stiller breispektra miljøkrav (multikriterium), er basert på livssyklusvurderingar, skjerpar krava jamleg, utviklar krava ope, opererer med kjende kostnader, og driv med tredjeparts uavhengig sertifisering.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Svanemerket» frå Wikipedia på bokmål, og «Svanen (miljömärkning)» frå Wikipedia på svensk den 16. november 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Miljømerking Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine. administrerer Svanemerket i Noreg.
- Om Svanemerket Arkivert 2011-06-04 ved Wayback Machine. ved den offisielle nettstaden til Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd.